Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

James Baldwins odyssé

Altfor mykje av det James Baldwin påpeikar på seksti- og syttitalet, er enno aktuelt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar James Baldwin på kontoret i heimen i St. Paul de Vence i Sør-Frankrike i 1983.

Foto: AP Photo / NTB scanpix

3263
20170616
3263
20170616

Dokumentar

Regi: Raoul Peck

I Am Not Your Negro

Med: James Baldwin, Malcolm X, Martin Luther King

I 1979 fekk forfattar James Baldwin (1924–1987) i oppdrag å skriva historia om Amerika gjennom sine døde vener Medgar Evers, Malcolm X og Martin Luther King. Agenten mottok berre tretti sider av det påbyrja manuset til Remember this house. Desse sidene, lesne av Samuel L. Jackson, dannar grunnlaget for ein kollasj der populærhistorie og borgarrettshistorie til saman fortel historia om den framleis pågåande kampen mot undertrykking av dei svarte i USA.

Oppvakninga

Oppsummeringa Baldwin drista seg til, er vakker og poetisk, samstundes som at ho har tyngde som politisk manifest. Likevel freista han ikkje verta politikar, men var, som han sjølv seier, eit vitne. Saman med dei innflytelsesrike venene sine reiste han rundt i USA og observerte den uretten som nesten ikkje er til å fatta i dag, berre nokre tiår seinare. Segregeringa hadde han hatt på avstand i all den tid han budde i Paris saman med partnaren Lucien, og ingen kritiserte han for verken hudfarge eller legning. Det som møtte han attende i heimlandet, fekk han til å vakna frå den vene vankunna han hadde omslutta seg med i eksil. Brått såg han korleis onkel Tom trong ei kraftig oppvakning: Kor lenge kan ein tilgje i staden for å hemna?

Indignert

Morda på venene hans var ufattelege for Baldwin, men det som er så trist, er kor ufattelege dei enno verkar og kor stort tapet framleis er. For kvart tapt liv oppstod tomrommet etter sjølve Håpet. Dei systemiske urettane har endra seg, men dei er langt frå forsvunne. Det ser ein att i fengselssystemet, skulesystemet og rettssystemet som byggjer opp USA. Kunne det sett annleis ut om King eller Malcolm X hadde fått leva? Hadde Baldwin fått sett fleire farga førebilete på film enn dei stereotype tenarane og slemme forbrytarane, hadde dei kome til makta? Med hjelp av mengder av filmklipp får du trykt trynet fullt av bilete som kan få deg til å raudne av indignasjon. Med Guess who’s coming to dinner (1967) kom ein av dei fyrste filmane der ein svart mann er kjærast med ei kvit dame. J. Edgar Hoover og FBI jakta framleis på den raude faren, og i arkivklyppet frå 1966 ser ein demonstrantar med plakatar pålydande «Raseblanding er kommunisme». Ein skal hugsa på historisk kontekst, men ikkje som unnskyldning for dumskap på grensa til vondskap.

Svart/kvitt

Baldwin var alltid klar på at han ikkje ville vera med på å redusera kvite folk til å generelt vera fienden, men det er tydeleg at det vart vanskelegare for han etter alt han såg på vegen, i demonstrasjonar, i media – og ikkje minst det han ikkje såg: framstillinga av svarte som likeverdige individ. Er I Am Not Your Negro ein lada film med store bokstavar og store ord? Det kan eg lova deg. Det skulle berre mangla. Frank Zappa skildrar Watts-raseopptøyane i 1965 med songen «Trouble Every Day», og for å sitera han: «I’m not black, but there’s a whole lot of times I wish I could say I’m not white.»

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Er I Am Not Your Negro ein lada film med store bokstavar og store ord? Det kan eg lova deg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis