Kva veit vi – eigentleg?
Kor sikre kan vi vere på at det vi veit, er rett? På Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) fekk eg utfordra vissa mi.
Utanlandske jegarar feirar trofeet i Sør-Afrika.
Foto: Shaul Schwarz og Christina Clusiau
KOMMENTAR
janh@landro.bergen.no
BIFF er ikkje berre Noregs største filmfestival, med meir enn 150 filmar på plakaten, der helvta er dokumentarfilmar. Festivalen er også ein augeopnar til alle verdsdelar, til folks stundom merkelege liv, til korleis tilstanden på planeten vår er, til noko av verdas elende, men også til det som gir glimt av håp.
Så til dette eg trudde eg visste. Det kan vel ikkje vere tvil om at internasjonale troféjegerar, på jakt etter sjeldne villdyr, utgjer det store trugsmålet mot raudlista dyr som The Big Five: elefant, svart nashorn, løve, leopard og afrikansk bøffel? Shaul Schwarz’ og Christina Clusiaus dokumentarfilm Trophy får meg til å lure. At steinrike, suvenirkåte jegerar frå USA skyt pilar med bedøvingsmiddel i nashorn før dei sagar av dei horna, kan ikkje vere anna enn brotsverk. Men filmen fortel oss at dette kan vere ei «livsforsikring» for desse dyra, for då er dei ikkje interessante for krypskyttarar som er eit langt større problem for bestanden.
Éin påstand i filmen er at medan krypskyttarar drep til siste dyr, vil troféjegerar aldri la ein art døy ut. For dei ønskjer ikkje å redusere The Big Five til The Big Four. Dessutan blir det drive avl på somme av desse dyra, så jegerar kan komme til store farmar og jakte på dei der. Greitt nok, men drepinga er ikkje noko vakkert syn, same kva, og den egotrippen dette representerer, kunne verda klart seg godt utan.
I dokumentaren Food Evolution tar regissør Scott Hamilton Kennedy oss på sakleg og informativt vis gjennom det omstridde temaet genmanipulert mat (GMO). Ut frå ei føre-var-haldning har Noreg valt ei restriktiv linje, som det rett nok er politisk usemje om. Det filmen viser, med full respekt for motargumenta, er at vitskapen ikkje kan dokumentere negative verknader. Og skal verda få nok mat, utan den rettvise fordelinga det jo slett ikkje finst politisk vilje til å gjennomføre, kan vi ikkje lite på at produksjonen av økologisk dyrka produkt skal kunne fø oss alle. Langt derifrå.
Trygg kjenner eg meg framleis ikkje, men Food Evolution gav meg noko å tenkje på. Og at den hyperkapitalistiske jordbruksgiganten Monsanto har kunna skaffe seg rettar til og monopolisere natur som skulle vere vår felles ressurs, gjer ikkje filmen noko for å forsvare.
Eit flyktningepos
Om filmar som desse kan gi eit visst håp, er det lite å gle seg over i dokumentaren Human Flow. Det finst over 65 millionar flyktningar og fordrivne i verda, og den kinesiske eksilkunstnaren Ai Weiwei har teke med seg eit kamerateam for å dokumentere noko av det flyktningar blir utsette for i fleire land i Europa og Asia. Det blir som ein katalog over lidingar, umenneskeleggjering, tap og sakn. Jamleg blir bileta supplerte med nedslåande tal og andre fakta. Endå om kvar historie for seg ikkje fortel særleg mykje nytt, blir likevel summen av denne lidinga eit kraftfullt rop om hjelp til ei verd som helst ikkje vil høyre. Kanskje blir denne filmen ståande som det store flyktningeposet.
Om nesten heile verda snur ryggen til elendet i Afrika, er det andre som engasjerer seg der – for si eiga lommeboks skuld. For no held denne verdsdelen på å bli kolonisert for andre gong, skilnaden er berre at i dag skjer det med godkjenning frå styresmaktene. Mellom 55 og 60 millionar hektar dyrkbar jord og skog er alt komme på utanlandske hender. Då dei internasjonale matvareprisane tok til å stige for nokre år sidan, såg utanlandske investorar ei ny inntektskjelde i den afrikanske matjorda. Dokumentaren Dead Donkeys Fear no Hyena av Joakim Demmer syner korleis store, internasjonale selskap i Etiopia bokstavleg tala valsar over menneske og miljø i kapitalismens namn. Nasjonalparkar blir ofra og innfødde fordrivne utan kompensasjon. Journalistar som vil skrive om problemet, blir fengsla. Dette landet, som ikkje kan fø sin eigen folkesetnad, og som årleg må ha matvarehjelp, eksporterer stadig meir jordbruksprodukt, for den nasjonale marknaden er uinteressant for dei utanlandske investorane. Galskapen er komplett.
Ingen BIFF utan filmar om klima og miljø, og dei var det mange av i år òg. Ein av filmane som gir håp, rett nok langsiktig, er dokumentaren med den bibelske tittelen Let there be Light med Mila Aung-Thwin og Van Royko som regissørar. Ein stad i Sør-Frankrike går verdas største samarbeidsprosjekt føre seg. Folk frå 35 nasjonar arbeider med å framstille billeg, berekraftig og evigvarande energi gjennom ein fusjonsprosess. Om dei lukkast med dette, vil det vere eit avgjerande bidrag til å redde oss ut av klimakrisa. Dei veit at dei tekniske problema kan løysast, men det tek tid – og endå meir tid når statar med korte tidsperspektiv ikkje vil yte dei store summane som eit slikt vitskapleg krafttak krev.
Ei modig kvinne
Håp, om enn på anna vis, gir òg dokumentaren Jaha’s Promise. Filmen der Patrick Farrelly og Kate O’Callaghan har regien, fortel korleis den unge, gambiske kvinna Jaha Dukureh tar opp kampen mot kjønnslemlesting i heimlandet – og sigrar. Ei veke gammal blir ho omskoren, og slik øydelagt all glede ved seksuallivet som vaksen. Som 15-åring blir ho gifta bort til ein langt eldre mann i New York, som ho etter nokre år flyktar frå. Seinare giftar ho seg att, med ein mann som stør kampen ho tek opp mot omskjering.
Den modige kvinna drar tilbake til Gambia. Der konfronterer ho familien, kulturen, religionen og landets leiarar. Og i løpet av forbausande kort tid får ho regjeringa til å vedta lover både mot omskjering og barneekteskap.
BIFF er også ein viktig møtestad mellom menneske. Jaha Dukureh var sjølv til stades på den første visninga av filmen i Bergen. Etter den ståande applausen spratt ein ung jordmorstudent frå Somalia opp og erklærte at ho var blitt inspirert til å reise attende til heimlandet og arbeide for dei unge kvinnene der.
Jan H. Landro er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.