Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Når pengane får styre

Pengar vert nytta anonymt til manipulasjon i stor stil i amerikansk politikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Politikarar og dommarar kan kjøpast for pengar.

Foto frå filmen

1913
20181005
1913
20181005

Dokumentar

Regi: Kimberley Reed

Dark Money

Med: John Adams, Jonathan Motl, Ann Ravel, Art Wittich

Det finst ikkje berre svarte pengar, det finst også mørke pengar. Dei kan vere tente på lovleg vis, men blir nytta anonymt til politisk manipulasjon i stor stil.

Uavgrensa beløp

Ei avgjerd i USAs høgsterett frå 2010 opna for at selskap kan gi uavgrensa pengebidrag til politiske kandidatar og valkampar utan at allmenta får kunnskap om dette. Det må rett nok skje gjennom eit mellomledd, men slike kan alle lage. Valkommisjonar på føderalt nivå og delstatsnivå skal kontrollere at ting går rett for seg, men dei er små, underfinansierte og som myggar å rekne.

Selskapa kan likeins finansiere svære dritpakkar mot kandidatar som ikkje har dei rette meiningane, gjerne rett før eit val, slik at kandidaten ikkje har høve – kanskje heller ikkje økonomi – til å forsvare seg. Givarane som står bak, ventar – og får – takksemda dei er ute etter i form av politiske avgjerder som tener pengemakta, ikkje fellesskapen.

Motkrefter

Dette er USA, eit demokrati som i aukande grad synest rotne på rot. Eit land der ein kan kjøpe politikarar og dommarar, som ein sentral person slår fast.

Det finst likevel motkrefter, men dei kjempar i motbakke. I delstaten Montana, som har sett korleis det store Anaconda Copper Mining Company tidlegare kunne ta seg til rette fordi dei kjøpte politikarar og byråkratar, vedtok dei lover som skulle avgrense denne givargleda og gi offentleg innsyn. Men dei blei overprøvde i Washington, sjølvsagt. I staden gjekk dei laus på ein mektig delstatspolitikar som hadde fått valkampen sin betalt av åtte store selskap. Han blei dømd for korrupsjon, men straffa var så låg at det var til å grine av. Det retta veljarane opp ved neste val, mannen sit ikkje lenger i Montanas senat.

Jan H. Landro

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis