JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Steroide typar og stereotypar

Baywatch innfrir alle fordommar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Musklane bular så mykje som berre dei saftigaste stereoid klarer å byggja.

Foto: Frank Masi / UIP

2682
20170602
2682
20170602

Actionkomedie

Regi: Seth Gordon

Baywatch

Med: Dwayne Johnson, Zac Efron, Priyanka Chopra

Det er opptaksprøve til badevaktjobb i Florida. Alle som er solbrune og har musklar, kan stilla. Og så han eine litt bleike, dvaske som må vera med som moroinnslag, sjølvsagt. Men om du trudde badevakter berre dreiv å berga liv i eitt banka køyr, tek du feil: Dei tek også tjuvar, slemme narkodronningar og mordarar som trugar idyllen på stranda.

Kinakino

Det er fyrste gong eg straks legg merke til at Kina er inne på kinomarknaden i alle ledd: Shanghai Film Group og Huahua Media er inne i eit samarbeid med den gamle Hollywood-giganten Paramount, der dei står for store delar av finansieringa. Den kinesiske filmindustrien har lenge vore kritisert for mykje sensur og lite satsing på relevante tema, så at dei no går inn med pengar på denne opphopinga av pigment og punghumor, lovar ikkje godt. At Dalian Wanda Group no er deleigarar av SF Kino, ei av dei største kinokjedene, bidreg ikkje til utsikter til kvalitetsfilm, om Baywatch er eksempel på kva dei tenkjer servera til popkornet i framtida.

Kroppsdysenteri

David Hasselhoff og Pamela Anderson deiga seg inn i liva våre gjennom over to hundre episodar av TV-serien Baywatch. Kroppane var olja og slanke, og krøllane på brystet og hovudet til Mitch (Hasselhoff) glinsa i sola. Femten år etter har badedraktene til damene like absurd høg hofteskjering, og puppeglidelåsen sit fast i nittitalsmoten. Men hjelpe oss alle, noko har skjedd på kroppsfronten! Éin ting er at det ikkje finst kroppshår i mils omkrets, men mannekroppane spesielt; magane ser ut som brun plastikk, og musklane bular så mykje som berre dei saftigaste steroid klarar byggja. Og det blir stadig kommentert, som om det å sjå ut som ein «hårlaus gorilla» (sitat Brody alias Zac Efron som nye Mitch) burde vera normalt. Not on my baywatch.

Elging i solnedgang

Så om du no sit og er skapfan av TV-serien og lett ofrar ryktet ditt for å få gjenskapt ungdomsparadiset ditt på det store lerretet, er det verdt turen? Sjølvsagt ikkje. Så naive er ingen. Det er to (to!) timar og 120 kroner du aldri får att, timar og kroner du kan bruka i solariet, i treningsstudioet eller på næraste anabole kiosk. Einaste grunnen til å gå er kanskje å få med seg dei spektakulært dårlege spesialeffektane brukte i ei brannscene, for dei er verkeleg noko av det villaste eg har sett på lenge. Om du har humor som ein 12-åring, likar handling på barnefilmnivå og tenkjer at du skal bli verdsmeister i fitness, kjem du til å elska Baywatch.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis