Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Formidabel vulgærversjon av Romeo og Julie

Kjersti Horn har laga ei imponerande, sjokkerande og frekk framsyning med framifrå prestasjonar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blikkontakten mellom Stine Robin Eskildsen og Ameli Isungset Agbota kan slå deg ut, skriv Jan H. Landro.

Foto: Den Nationale Scene

4288
20230428
4288
20230428

Den Nationale Scene, Store Scene

William Shakespeare:

Romeo og Julie

Omsett av Øyvind Berg
Videoregi: Mads Sjøgård Pettersen
Scenografi og kostymedesign: Sven Haraldsson
Kameraoperatør: Michaela Vyskocil Gettwert

Kva skal ein gjere med Romeo og Julie i 2023, 430 år etter at stykket blei skrive? Det skildrar ei verd fjern frå vår, i høgttravande vendingar som veks seg uendeleg store i munnen på eit moderne menneske.

Alltid like kompromisslause Kjersti Horn går sin eigen veg og gjer noko eg aldri før har sett ein regissør gjere med denne teksten. Gjennom heile oppsetjinga skapar ho ein rytme der alvoret om og om igjen blir oppheva av humor og komikk, ofte grovkorna og overdriven. Og likevel får den formidable framsyninga det til å røske kraftig i nervesystemet. Innimellom er dette moderne B-film, full av blod og splatter, heilt rå i uttrykket og med valdsdyrkande ungdomsgjengar som henta ut av 2023. I denne framsyninga er moderniseringa teken heilt ut.

Fart og dynamikk

Her er dynamikk, rørsle og fart frå først til sist, med vekt på det fysiske uttrykket, sjølv om mykje er i form av renning opp og ned trapper, inn og ut dører i teaterhuset. Ein strid straum av populærkulturelle referansar gjer at framsyninga særleg vil appellere til eit ungt publikum, noko teatera heile tida er på jakt etter. Den Nationale Scene har fått Øyvind Berg til å lage ei heilt moderne omsetjing, som i sitt tidvis vulgære språk distanserer seg kraftig frå originalens høglyrikk – og samstundes held på poesien der det krevst. Det fungerer godt og yter eit viktig bidrag til heilskapen. Moderniseringa er så imponerande konsekvent gjennomført på alle nivå at det er berre å gi seg over.

Filma teater

Kjersti Horn har gjort filma teater til varemerket sitt som regissør. Vel å merke teater i sanntid, ikkje opptak. Publikum sit i salen og ser det som skjer på storskjerm, og får berre tidvis glimt av skodespelarane. Dette har mellom anna gitt oss den fabelaktige Raskolnikov-framsyninga for nokre år sidan. Ho ønskjer tydelegvis å hente ut det beste av to verder og kanskje lage eit nytt teaterspråk.

Faren med dette grepet er at det byrjar bli velkjent, men her lyftar ho det til nye høgder. Det kunne ho ikkje gjort utan kameraoperatør Michaela Vyskocil Gettwert, som med sitt mobile kamera gjer ein fantastisk innsats og følgjer aktørane steg for steg, kyss for kyss gjennom kvart sekund av framsyninga. Heile tida med det viktige, det avgjerande i fokus. Ein kraftprestasjon, godt styrt av videoregissør Mads Sjøgård Pettersen.

Mykje humor

Det er mykje humor i dette stykket, og Kjersti Horn har nytta alt og lagt mykje til. At sorga ikkje skal få dominere, kjem til uttrykk alt i prologen, der den høgvørde Fyrsten (Pål Rønning), kledd som ein vektar, kallar på låtten snarare enn alvoret. Hos Shakespeare er det især den pratesjuke amma som står for komikken, og i Svein Harry Schøttker-Hauge har vi fått den herlegaste amma nokon kan tenkje seg.

Horn lèt ei kvinne (Stine Robin Eskildsen) spele Romeo. Det kan vere eit peik til tida då stykket blei skrive, for 430 år sidan, då kvinner ikkje kunne syne seg på teaterscenen og menn måtte spele også kvinnerollene, eller det kan vere uttrykk for, eventuelt ein kommentar til, vår tids seksuelle frigjering og likestilling.

Men Eskildsen speler så godt, og samspelet med Julie (Ameli Isungset Agbota) er så intenst, så fylt av lidenskap og begjær at dei to står fram som sjølve draumeparet – og slik gjer all kjønnsdebatt likegyldig. Agbota kombinerer uskuld og erotisk utstråling på eit vis eg vil tru ikkje er særleg framandt for mange av dagens fjortenåringar, men som gjer Julie til noko ganske anna enn det vi er vande med. Dei to taklar både alvoret og den laussleppte galskapen med same sceniske tryggleik. Blikkontakten mellom dei kan slå deg ut.

Fleire kunne vore nemnde, for her gir heile ensemblet alt og leverer prestasjonar på høgt nivå.

Og bodskapen? Dødeleg konflikt mellom familiar kan stå som bilete på noko større, til dømes det vi ser i Ukraina, utan at eg trur det er intendert her.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis