Ikkje heilt helt
Personen Amundsen verkar gledeleg rufsete i motsetning til vintergarderoben hans.
Polfararane er like fine i kleda gjennom heile filmen.
Foto: Motion Blur Films
Biografisk drama
Regi: Espen Sandberg
Amundsen
Med: Pål Sverre Hagen, Christian Rubeck, Kathrine Waterston
Utforskartrongen til Roald Amundsen (Hagen) lét seg i stor grad realisere ved at broren Leon (Rubeck) tok seg av finansieringa. Då han i 1925 vart borte under ein flyekspedisjon til Nordpolen, venta den canadiske kjærasten Bess (Waterston) på han i huset hans i Bunnefjorden utanfor Oslo. Dit kjem også Leon, som har mista kontakten med broren dei siste åra. Det er på mange måtar to ulike menn dei to fortel kvarandre om.
(Re)sirkulering
Det er kanskje ikkje til å unngå, men når regissøren av Kon-Tiki (2012) og Max Manus (2008) dreg inn same skodespelaren til same type heltebiografisk «ja, vi elsker»-drama gong på gong, er det lov å ha visse forventningar/fordommar. Å seia at Espen Sandberg må ha ein viss forkjærleik for sterke mannsroller baserte på sanne hendingar og personar, er ganske trygg kategorisering. Etter ein svipptur innom Hollywood for å filma Pirates of the Caribbean: Dead Men Tell No Tales (2017) vender han tilbake og lèt daude menn fortelje historier så det står etter. Heldigvis fortel broren kanskje ei meir interessant historie enn det Amundsen sjølv ville gjort her, særleg om ein skal tru at den bitre sjølvbiografien hans med god grunn ikkje vart godt motteken blant dei næraste.
Egotripptrapp
Nettopp det at Amundsen ikkje blir framstilt som den reindyrka helten eg lærte om på skulen, gjer at eg absolutt legg godviljen til her. Det vert ikkje lagt skjul på kva for eigenskapar som kanskje trengst for å nå slike mål som han bokstaveleg tala nådde. Empati og impulskontroll kjem ein ikkje like langt med viss det viktigaste i livet er å slå konkurrentar og hamna i historiebøkene. Eg ville vel ikkje verta overraska om Sandberg har ein film om Nansen i ermet sitt, han får i alle fall lite skjermtid her. Me kjem heller ikkje noko inn på kjærasten Bess, sjølv om ho er mykje til stades i forteljinga. Henne vart eg nysgjerrig på, særleg sidan ho verkar relativt usympatisk, til liks med Amundsen sjølv. Kva som er brukt som kjelder, kjem ikkje klart fram, så kor truverdige karakterane er, er vanskeleg å avgjera for ein normal publikummar. Det er og blir eit problem med biografiske filmar, utan at det ser ut til å stå i vegen for at dei blir laga av den grunn.
Speglblankt
Ikkje har eg store føresetnader for å skjøna meg på polfararkutyme, men eg klarar kjenna att ein falsk solnedgang når eg ser ein. Eg veit ikkje om det er sminke og hår som ikkje sit heilt, men alle skodespelarane ser så påteke gjennomførte ut: frå snottete nasar til isete bartar – alt ser glatt og kontrollert ut. Kvar ulltrøye og kvar selskinnsbukse ser like heile og fine ut, sjølv etter tre år med arktisk overvintring. Eg nektar også å tru at fingervantar er noko særleg å svinsa rundt med i minus 50 kuldegrader. At hundekjøt skulle vera ei god kjelde til C-vitamin, var eg heller ikkje kjend med, men Amundsen trugar i alle fall med sjørbuk når ein i ekspedisjonen vegrar seg for å eta den firbeinte venen sin.
Det eg skulle hatt meir innsikt i, som også gjeld alle drama baserte på faktiske personar, er kva dei stod for personleg, kva dei meinte om religion, politikk, likestilling, litteratur – og mat, for den del! Eg synest som sagt ikkje at Amundsen er den verste sjablongifiserte heltefilmen eg har sett, så om det er lov å ynskja seg endå meir fasettar og kjøt på beinet, så gjer eg det.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At Amundsen ikkje blir framstilt som den reindyrka helten eg lærte om på skulen, gjer at eg legg godviljen til.
Fleire artiklar
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Utstillinga opnar med eit enormt fotografi av kunstnaren i sine glansdagar.
Foto: Øystein Thorvaldsen / Henie Onstad Kunstsenter
Side om side med Munch
Utstillinga Mot det moderne løftar fram Christian Skredsvig internasjonalt og viser at han sette merke på samtida si. Kunsten hans er langt frå smålåten.
Bra harepus
«Kongen av latin-trap» blandar puertoricansk musikktradisjon med moderne popproduksjon.