Avansert teknologi finn form som kunst
Ein robot som genererer kunstnarlege idear. «Predective Art Bot» av kunstnarduoen Disnovation.org.
Foto: Espen Gangvik
Utstilling
Gråmølna, Trondheim Kunstmuseum
«Meta.Morf 2018.
A Beautiful Accident»
8. mars – 6. mai
Kunstnarar: James Bridle, Maria Roszkowska, Nicolas Maigret, Floris Kaayk, Sascha Pohflepp, Félix Luque Sànchez, Joris Strijbos, Frederik de Wilde, Pinar Yoldas.
Kurator: Alex Adriaansens. Medkuratorar: Espen Gangvik og Angelica D. Schmitt.
I år er femte gong biennalen for kunst og teknologi vert arrangert i Trondheim. Meta.Morf er ein av dei største kunstfestivalane i landet, og har aldri vore så omfattande som i år. I biennaleperioden vert det vist ei rekke utstillingar spreidd utover byen. Det er også konsertar, filmvisningar og konferansar. Meta.Morf har lukkast godt med å verte ein møtestad for nytenking kring teknologi og kunst. Arrangementa trekker store mengder teknologiinteresserte frå heile verda.
Meta.Morf er leia av Trondheim Elektroniske Kunstsenter (TEKS), og er ei vidareføring av festivalen Trondheim Matchmaking, som vart arrangert årleg i perioden 2002–2009. Biennalen har hatt gode vekstkår i Noregs teknologiske hovudstad. Også kunstmiljøet i Trondheim har lange tradisjonar for å ha stor interesse for teknologi. Alt i 1988 vart det oppretta ei intermediaavdeling på Kunstakademiet i Trondheim.
Ei mangfelt utstilling
Utstillinga tek i bruk alle romma i første etasje av Gråmølna. Her er tre store installasjonar, fleire videoverk og rørlege objekt. Teknologien fascinerer, nokre av verka reagerer endåtil på publikum, og det oppstår ulike former for kommunikasjon som er vel verde å utforske. Èin installasjon er konstruert til å utvikle utgangspunkt for kunstaktivisme. Verket kan sjåast på som eit første steg mot å erstatte den skapande kunstnaren med ei maskin. Dette verket dannar harmlause, ofte vittige setningar, men kva om dei utarbeider betre algoritmar? Vert menneska i så fall like underlegne som endåtil dei største sjakkmeistrane er når dei spelar mot ein sjakkcomputer?
Kunstnarar har til alle tider vore raske til å ta i bruk tekniske nyvinningar, så vel som å stille spørsmål ved dei. Ifølgje den amerikanske analytiske filosofen Willard V. O. Quine er alle vitskapane å likne med ballar som svevar ikring i omverda. Ytst ligg tema som kjem i kontakt med omverda, men går ein inn mot kjernen, kjem ein inn mot eksistensielle spørsmål. Slik er det også med denne utstillinga.
«Tenkaren» anno 2018
I hovudsalen ruvar ein 3D-utskriven modell av «Tenkaren» av den franske bildehoggaren Auguste Rodin. I versjonen til Frederik de Wilde er han ufullstendig forma, som eit tomt skal. I staden er han omkransa av ei mengd små datamaskiner som er kopla saman til ein stor, kunstig hjerne. Maskinene er programmerte til å surfe gjennom nettet. Rommet er fylt av summinga frå maskinene, og på skjermane flimrar store mengder med bilete raskt forbi. Ein kan tolke verket som om maskinene tappar krafta ut av mannen på sokkelen, eller at vi set eit neste trinn i evolusjonen, der kroppen er i ferd med å bli gjort overflødig og erstatta av ei enorm tankekraft.
Oscar, og jakta etter evig liv
I videoverket og nettprosjektet «The Modular Body» har Floris Kaayk gått eitt steg vidare. Han viser korleis forskarar gjennom ein lang og komplisert prosess utviklar ein levande organisme ut frå celler frå eit menneske. Organismen får namnet Oscar.
Oscar er så realistisk framstilt at han er fråstøytande å sjå på, heilt til ein innser at filmen ikkje er ein dokumentar, men ein framtidsvisjon. Oscar er animert, og takk og lov ikkje levande. Verket er svært tankevekkande, det vert forska i stor stil på korleis ein kan erstatte øydelagde kroppsdelar med kunstige. Kunstverket «The Modular Body» viser at temaet er altfor alvorleg til at det kan overlatast til forskarar åleine. Ikkje minst kan kunstfeltet vere ein viktig arena der ein kan problematisere etikken så vel som vidare konsekvensar for forskinga.
Katt i fåreklede
Verket som gjorde sterkast inntrykk, var likevel animasjonsfilmen «The Kitty» av den tyrkisk-amerikanske kunstnaren Pinar Yoldas. Historia er lagt til år 2039. Her fortel kattungen Kitty AI med ei nusseleg lita stemme om politikarar som har latt utfordringane med flyktningar, klima og økonomi kome ut av kontroll. Derfor såg den kunstige intelligensen seg nøydd til å ta over.
Intelligensen er utforma som ein søt kattunge for å ikkje skremme oss. Kitty AI understrekar at ho ønskjer å ta godt vare på menneska på alle vis, alt frå i globale kriser til å sørge for tilfredsstillande kvalitet på drikkevatnet. Her er menneska med andre ord prisgitt ei ikkje-menneskeleg livsform. Er det slik at menneska berre er eit trinn i evolusjonen? Har vi kome til vegs ende, der noko vi enno berre anar konturane av, tek over?
Trass i dei skremmande perspektiva som verka peikar mot, er dette slett ikkje ei dyster utstilling. Ho er for leiken i forma til det, og meir enn antydar den sterke gleda og fascinasjonen kunstnarane har for teknologien. Utstillinga er tvert om svært oppløftande, nettopp fordi slike spørsmål vert løfta fram i lyset. Det å setje fingeren på problema gir oss tid til å justere kursen.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.