Det meiningsfulle i det meiningslause
Når vi ser nærare etter, ser vi meir og meir det viktige i det verka formidlar.
Tania Solomonoff og Rita Ponce de León: «Uvitande saman, går til kvarandre»
Foto: Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Utstilling
Tretoppanes blygskap
Sogn og Fjordane
Kunstmuseum
17. februar–3. juni 2018
Kurator: Beatriz Alonso
Kunstnarar: Lara Almarcegui, Helena Almeida, Kader Attia, Dora García, Célia Gondol, Amalia Pica, Alex Reynolds, Cecilia Vicuña, Rita Ponce de León og Tania Solomonoff.
Det er inspirerande å sjå korleis dei tenkjer stort om kunst i Førde. Midt i sentrum glinsar den kvitlege og lyssette glasfasaden til Sogn og Fjordane Kunstmuseum mot oss. Den digre bygningen vart ferdigstilt i 2012, bygd i tråd med krava til kunst i vår tid. Bruksarealet er om lag 2400 kvadratmeter, med utstillingslokale i tre høgder.
Eg tok turen til Førde for å sjå Tretoppanes blygskap, utstillinga som er eit samarbeid med MARCO, museet for samtidskunst i Vigo nordvest i Spania og museet Frac Lorraine i Metz, som ligg i trelandsgrensa mellom Frankrike, Tyskland og Luxembourg. Dei tre musea heldt i 2016 konkurransen «Award for Young Curators». Av 120 deltakarar vann den spanske kuratoren Beatriz Alonso med prosjektet The Shyness of the Crowns. Utstillingane var viste i Frankrike og Spania i fjor og står i Førde fram til 3. juni. Kvar utstillingsstad har ein god del lokale tilpassingar.
Tretoppanes blygskap
I introduksjonsteksten i katalogen, som også er prenta på veggen ved inngangen til utstillinga, får vi forklart at utgangspunktet for utstillinga er det botaniske fenomenet crown shyness. Dette går ut på at enkelte treslag samspelar om korleis dei kan falde seg ut. Såleis kolliderer trekronene ikkje med kvarandre, og alle trea får gode vekstkår.
Her rir kuratoren på ei internasjonal bølgje. Kunstutstillingar verda over har sett søkjelyset på mennesket i naturen og naturen i mennesket. Men når eg ser på verka i utstillinga, finn eg ingen spor av skog i nokon av verka. Beatriz Alonso har brukt omgrepet som eit reint tankebilete og eit ideal som vi menneske må trå etter for å finne ein betre måte å leve saman på. Men treng ein gå til trea for å få denne visdommen?
Vi bør heller konsentrere oss om å oppleve verka. For dette er verkeleg ei god utstilling. Kuratoren har sett saman arbeida til ti svært interessante kunstnarar frå Europa og Amerika. Dette er namn vi kjenner att frå dei store internasjonale kunstmønstringane, og fleire stiller med dette ut for første gong i Noreg. Videoverka, fotografia og installasjonane deira spenner friskt i overraskande retningar, samstundes som dei fungerer godt saman. Tematisk krinsar verka på svært ulike måtar om eit kollektivt medvit, om eit samhald som veks fram på intuitiv vis, og utan tankar om økonomisk vinning eller personleg ære.
Dei farga dukane
Utstillinga vert vist i 1. og 3. etasje. Ho opnar med eit sjeldan høve til å gå ut av rolla som tilskodar og vere aktiv medskaparar. Installasjonen «Uvitande saman, går til kvarandre» av Tania Solomonoff (Argentina, f. 1974) og Rita Ponce de León (Peru, f. 1982) har fått ein eigen sal. Rommet er lyst og fylt av digre og fargerike tekstildukar, så store at ein fort oppdagar at ein treng fleire hender, såleis kjem eit samspel mellom publikum i gang.
Det første vi møter i hovuddelen av utstillinga i 3. etasje, er installasjonen til Amalia Pica (f. 1978). Ho er oppvaksen i Argentina, men bur og arbeider i London. Ho arbeider mykje med store installasjonar, men også lydverk og happenings. Oppveksten under terrorregimet til militærjuntaen pregar kunsten hennar. Eit tema som går att, er dei mange sidene ved kommunikasjon, ikkje minst det som ikkje vert ytra med ord.
I utstillinga er ho representert med verket «Asambled» frå 2015, som består av ein installasjon av stolar og eit videoverk. Stolane er plasserte i eit åttetal som strekker seg diagonalt gjennom den svære salen. Møblane er utlånte frå personar i nærmiljøet og har preg av lang tids bruk, nokre er rosemåla og forseggjorte, andre er heilt enkle i forma. Dei har kvar sin personlegdom og fortel si historie. På veggen går ein video av ein happening ho utførte i parken utanfor nasjonalkongressen i Buenos Aires. Med den ruvande kongressbygningen i bakgrunnen utfører ei gruppe menneske ein stolleik. Dei har med seg kvar sin stol, og utan å snakke saman dannar dei sirkelformasjonar, men før dei siste har sett seg, reiser dei første seg og formar ein ny sirkel. Opplevinga av den rastlause kjeda av menneske får ein ekstra dimensjon av omgjevnadene dei er i, utanfor maktsenteret i eit land med lang historie om brutal undertrykking. Menneska verkar så små mot den monumentale bygningen. Desto viktigare vert samhaldet dei viser seg imellom, men også samhaldet og solidariteten vi har med dei. Det er så lett å sitje på den trygge tua i Noreg og sjå ut på «dei andre». I dag har vi stor kunnskap om land verda over, og utfordringane som finst der. Men vi ser det utanfrå, utan innleving. Dei heimlege stolane som er plasserte i utstillingslokalet, skaper ei bru inn i videoen. Vi får ei langt sterkare kjensle av at det som hender på den vesle skjermen, har noko med oss å gjere.
Fabulerande
Medan det kviler eit djupt alvor over verket til Pica, har dei andre verka ein lettare og meir fabulerande karakter. Til dømes viser naboverket «Laia» av spanske Alex Reynolds ei poetisk skildring av ei jente svevande i taket i ein gymsal, og korleis ei gruppe menneske stig oppå akslene på kvarandre til dei når opp til barnet og får hjelpt henne ned.
Eg fall særleg for dokumentarverket «The Joycean Society» av den spanske kunstnaren Dora Garcia (f. 1965). García er mellom anna professor på Kunstakademiet i Oslo. Verket har tidlegare vore vist på separatutstillinga hennar i Galleri F15 i Moss i 2015. Verka hennar krinsar gjerne om samfunnsspørsmål, ikkje minst om opplevinga av tilhøyrsle i vår tid. I Førde har verket fått stor plass. Verket vert projisert mot ein diger vegg, og her er svarte saccosekkar vi kan søkke ned i. I filmen vert vi kjende med ei av lesegruppene ved Zürich James Joyce Foundation, som har granska boka Finnegans Wake (1939) av James Joyce kvar veke gjennom tretti år. Boka er rekna som ei av verdas mest uforståelege tekstar. Lesegruppa går gjennom setning for setning, dechiffrerer, grundar og diskuterer. Dei smakar på tolkingsforslag, humrar, innimellom smiler dei litt oppgitt, men mest frydefullt. Det tok elleve år å gå igjennom verket første gongen, deretter tok dei til på nytt. Filmen viser ein ettermiddag under den tredje gjennomlesinga. Medan vi ser filmen, undrar vi oss over korleis nokon kan arbeide gjennom så mange år med éi og same bok, samstundes som vi anar noko av svaret gjennom måten filmen skildrar entusiasmen dei legg i arbeidet.
Avslutting
Verka i utstillinga kan i starten vere lette å avfeie som leik og formålslause aktivitetar. Men når vi ser nærare etter, ser vi meir og meir det viktige i det dei formidlar. På kvar sitt vis fortel verka om kor livsnaudsynte slike tilsynelatande meiningslause handlingar rett og slett er. Det er ein viktig bodskap å få fram i ei tid der alt hastar, og alt som ikkje kan målast i kroner og øre, vert sjalta vekk – med dei uhyggelege konsekvensane det vil få.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.