Fargerikt
Utsnitt frå lilleputverda Caribanien.
Foto: Sven-Harrys konstmuseum.
Peter Dahls världar
4. mai–19. august
Sven-Harrys konstmuseum i Stockholm
Kurator: Christoffer Dahl
Sven-Harrys konstmuseum opna i 2011, grunnlagt av kunstsamlaren og byggherren Sven-Harry Karlsson. Utstillingssalane strekker seg over tre etasjar. Oppå taket er det ein skulpturpark og forunderleg nok ein kopi av heimen til samlaren, møblert og fylt med verk frå den private samlinga.
Sommarutstillinga «Peter Dahls världar» gir innblikk i eit turbulent og fargerikt kunstnarskap som strekker seg over meir enn sytti år. I Sverige har kunstnaren Peter Dahl (f. 1934) sidan 1980-talet vore ein av dei mest folkekjære kunstnarane.
Peter Dahl flytte til Stockholm som barn saman med foreldra, men heldt nær kontakt med farmora på Ekely i Oslo. Her budde også onkelen, grafikaren Chrix Dahl (1906–94), som fekk stor innverknad på han. Familien er ikkje i slekt med J.C. Dahl. Trass i fleire utstillingar i Noreg og innkjøp til mellom anna Nasjonalmuseet, er han likevel lite kjend her til lands.
Peter Dahls världar
Det første utstillingsrommet skil seg ut frå resten. Her vert vi kjende med lilleputtverda Caribanien, eit livslangt prosjekt med å bygge opp byar og landområde. Menneska og dyra er støypte og måla i tinn. Til saman skal det vere 30.000 tinnfigurar. Husa er levandegjorde med noggranne detaljar. Han gav jamleg ut aviser og laga detaljerte kart over landområda og byane i Caribanien.
Her viser Dahl fram ei fri og leiken side. Men kvar endar leiken, og kvar tek alvoret til? Han har skapt ei parallellverd til vår, på underfundig vis formidlar han korleis folka møter tilsvarande utfordringar og gleder som vi. Dei små husa og mylderet av menneskeskapnader i smått format gjer det kanskje lettare å sjå dei store linjene i eige liv. Prosjektet liknar lite anna eg har sett. Det som er utstilt, er berre eit lite fragment. Eg skulle ønskje dei hadde sett av heile rommet til dette fengslande verket.
Lebensraum
Resten av utstillinga er i hovudsak vigd til måleri. Gjennom alle åra måla Dahl figurativt, i eit uttrykksfullt formspråk. Verka frå seksti- og syttitalet er gjerne krast samfunnskritiske. Eit blikkfang her er det skarpt raude måleriet «Lebensraum – Moshe Dayan, Israels Försvarsminister» (1967). Ansiktet er rissa opp med raske og heftige, men treffsikre strøk. Det eine auget er glatta ut og viser til augelappen som forsvarsministeren Moshe Dayan brukte. Etter seksdagarskrigen mellom Israel og fleire arabiske land vart Dayan symbol for kampen for den israelske staten. Etter krigen okkuperte Israel store område. Her viser Dahl til protestane, som brutalt nok samanlikna okkupasjonane med Nazi-Tysklands strategiar. Kan hende syntest Dahl sjølv at verket var for drygt, for det er aldri tidlegare vist på utstilling.
Skräcktavla
Dahl måla òg store seriar av måleri som kan lesast som teikneseriar. Fleire av måleria er underfundige, han lukkast ofte med den edle kunsten å formilde alvor gjennom humor. Men av og til gjekk Dahl tydelegvis for langt. «Drömmar i soffhörnet» (1970) utløyste ei av dei største kunstskandalane i landet. Dette er ei rekkje med tjue måleri som dannar ein slags teikneserie. Her fabulerer eit ungt par over korleis det ville vere å besøke sjefen, ho med beundring og han med syrlege kommentarar. Serien er humoristisk med ein politisk undertone. Vi møter politiske storleikar som Henry Kissinger og Olof Palme. Midt i serien ser vi den svenske prinsesse Sibylla som løftar kjolen for ein mann med ereksjon. Serien vart til i ei radikal tid då kunstnarane kjende seg frie til å ytre seg om det meste, men her gjekk tydelegvis grensa. Politiet henta måleriet, og det tok eit halvår før tiltalen vart lagd bort.
Tolkingar av Bellman
Peter Dahl vart eit skjellsord i borgarlege miljø, men ein helt på venstresida. Ti år seinare vart han tilgitt og endåtil særs folkekjær med ein omfattande serie litografi til «Fredmans epistlar» av den kjende visediktaren Bellman. Visene gir innblikk i dei tøffe levekåra i Stockholm på 1700-talet kombinert med sprudlande livsglede og humoristisk sans. I utstillinga er eitt av verka vist. På hovudveggen har kuratoren valt å stille ut det 4,5 meter lange måleriet «Stolta stad» (1983). Det jublande biletet i glade fargar viser til ei scene frå Fredmans epistel nr. 33. I 2015 vart måleriet selt på auksjon for 5,7 millionar svenske kroner. Dette er den høgste summen som har vore betalt for eit samtidsverk i Sverige, og seier noko om populariteten til Dahl.
Far og son
Utstillinga dreg fram fleire interessante verk. Eg vil likevel setje spørjeteikn ved utvalet og samansetjinga. Sonen Christoffer Dahl er einekurator for utstillinga. Som del av utstillinga vert det vist ein film der han til fortel om far sin. Skildringane er personlege og innsiktsfulle og gir eit verdifullt innblikk i kunstnarskapet.
Det er likevel sjeldan nær familie set saman kunstutstillingar utan at det er i tett samarbeid med fagfolk i eit kunstmuseum. Det vert vanskeleg å få nok avstand til kunsten. Kuratering krev fagkompetanse. Det er særleg utfordrande å velje ut verk til ei retrospektiv utstilling som spenner over meir enn sytti år. Når det i tillegg er snakk om ein særs produktiv kunstnar som har følgt fleire spor, må det leggast mykje arbeid i å hente inn verk. Christoffer Dahl er også redaktør for utstillingsboka og har skrive hovudtekstane. Heller ikkje her får vi noko kunstfagleg perspektiv.
«Peter Dahls världar» har fått eit stort areal, likevel er ho fylt til randa. Måten verka er sette saman på, verkar kaotisk. Med store forskjellar i motiv, stil og fargesamansetjing slår dei kvarandre i hel.
Det er på sin plass å nyansere biletet av ein så myteomspunnen kunstnar som Peter Dahl, men det spørst om familien er den rette til det. Vi finn til dømes få av dei erotiske måleria han er kjend for. Samstundes er det teke med ein del verk som er svake og dreg ned heilskapen. Utvalet manglar såleis på mange måtar den profesjonaliteten ein forventar ved eit stort institusjon som Sven-Harrys.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?