I skuggen av Munch
Med det nye Munchmuseet har Stenersensamlinga endeleg fått ein ny heim i ei av dei øvste etasjane. Det var fint å sjå att verka etter så mange år. Nyreinsa og restaurerte gneistar måleria imot oss.
Else Hagen: «Familie», 1950
@Munchmuseet
Kunst
Samlingsutstilling
Edvard Munch Stenersen
Munchmuseet, Oslo
Denne unike samlinga med nyare norsk kunst vart gitt til Aker kommune i 1936 av forretningsmannen og kunstsamlaren Rolf E. Stenersen (1899–1978). I 1970-åra vart samlinga overført til Munchmuseet. Men det var først i 1994 at samlinga fekk ein eigen utstillingsstad med Stenersenmuseet, som låg vis a vis Oslo Konsertsal.
Bygningen husa i tillegg utstillingar frå to andre fine samlingar som var gitt til kommunen, etter landskapsmålaren og Gude-eleven Amaldus Nielsen (1856–1932) og dei naivistiske og fargesterke måleria til Ludvig O. Ravensberg (1871–1958). Stenersenmuseet vart lagt ned i 2015 og vedteke samlokalisert med det nye Munchmuseet.
Det som gjer Stenersen-samlinga så eigenarta, er at ho løftar fram delar av samtidskunsten som streid mot den meir franskinspirerte kunsten som vart løfta fram av samtida elles, og også innkjøpt av Nasjonalmuseet. I ei tid då det var særs få som kjøpte modernistiske, tyskorienterte ekspressive verk, vart Stenersen viktig for at bilde også frå denne kunstretninga skulle takast vare på.
Stenersen hjelpte også fleire kunstnarar økonomisk, slik at dei var i stand til å satse vidare. Vi har mange eksempel gjennom kunsthistoria på kunstnarar som har bøygd av og innordna seg den «gode smaken» på grunn av manglande støtte.
Samlinga viser kor viktige private samlarar kan vere, som supplement til statlege innkjøp.
Kloke koner
Her er mange fine verk, mellom anna frå den tidlege perioden til Jakob Weidemann, der fargesterke detaljer stig fram frå ein svart bakgrunn. I måleriet «Den gale» anar vi eit hovud, blomster, eit tre, ein hest, alt rissa opp med heftige, uttrykksfulle penselstrøk. Det primitive, fragmenterte uttrykket viser ei heilt anna sida ved kunsten enn dei seinare, mildare og lettare verka som han er så kjend for.
Her er også fleire praktfulle verk av Olav Strømme. Byen er eit motiv han vende attende til med jamne mellomrom. Han har eksperimentert seg fram til ein relieffeffekt der han bygde opp hus i plastonitt, ein slags fugemasse, med små bitar av speglar i vindaugsflatene. Blokkene står tett i tett, dannar ei tung og røff form som minner om eit fjellparti, grå og med funklande vindauge i måneskinet. Det er ei fredeleg stemning over verket, byen søv.
Else Hagen arbeider med eit lysare og figurativt kraftig forenkla formspråk. I måleriet «Familien» kjem vi kloss opptil den vesle familien der mora løftar hendene irritert i lufta så puppen dinglar og babyen vrælar. På surrealistisk vis fløymer våren inn døra, blomane veks og innhyllar tenåringsdottera hennar. Måleriet er komponert som ein sirkel med kvinner i alle aldrar, ein evig runddans av reproduksjon som brått er vorten forstyrra av at ein fugleflokk flaksar inn. Verket er måla i ei tid då storparten av kvinnene var heimeverande. Også kunstnaren sjølv måtte skvise måleverksemda inn i ein timeplan der barn og hus fylte mesteparten av tida.
«Kloke koner» av Kai Fjell viser ei anna side ved kvinnelagnaden. Som i ein draum vandrar kvinner rundt i ei stove, fargane er tunge og dystre. Også her er kvinner i alle aldrar, midt i bildet er eit glas med eit foster i. Det kviler ei løyndomsfull, urovekkande så vel som eggande stemning over verket, som kan tolkast som eit innlegg i abortdebatten i 1930-åra.
Meir Stenersen
Eg skulle gjerne sett endå fleire verk frå samlinga i denne utstillinga, så kvifor kuratorane har valt å blande inn innlån frå private samlingar i ei utstilling med tittelen Stenersen, er meg ei gåte. Av dei 56 utstilte verka er 17 henta frå samlingane til oljefondssjef Nicolai Tangen og investor Stein Erik Hagen. Er ikkje dette å redusere den innsiktsfulle innsatsen til Stenersen?
Det er samstundes noko utakknemleg å skulle vise Stenersen-samlinga på toppen av eit gigantisk museum fylt av verka til Munch. Dette vert også framheva i museets omtale av Stenersen-utstillinga på nettsida: «Publikum får i denne utstillingen en helt spesiell anledning til å se Munch sammen med norske og nordiske kunstnere fra hans egen samtid – en fremvoksende generasjon modernister som til dels befant seg i skyggen av den store, norske innovatøren.»
Eg synest dette er eit svært urettferdig utsegn. Ein må ikkje gløyme at verka i Stenersen-samlinga er svært gode og bør framhevast og slett ikkje undervurderast.
Eg ser fram til utstillinga der museet seinare i år skal vise meir om samlaren Rolf Stenersen. Då også med verk frå samlinga som han i 1971 gav til Bergen kommune. I Bergen fekk kunstgåva eit eige bygg ved Lille Lungegårdsvannet i 1978.
Gåver til folket
Det følgjer stort ansvar med kunstgåver. Eit skrekkeksempel på at Aker, og seinare Oslo kommune, ikkje har handsama gåvene sine vel, er gåva frå den fransk-ungarske verdskjende optiske kunstnaren Victor Vasarely i 1981. Verka hans stod stort sett på lager, der dei fekk muggskadar og riper, nokre vart endåtil stolne. Kunstnaren trua med rettssak, men det ordna seg med at Henie Onstad Kunstsenter fekk overta storparten av verka, medan resten vart gitt tilbake til kunstnaren.
Så får håpe at vi etter kvart får sjå utstillingar med Nielsen og Ravensberg også. Så langt er desse to berre så vidt nemnde på nettsidene til Munchmuseet. Kan hende Munchmuseet burde hatt to etasjar til. Samlingane etter Edvard Munch, Rolf E. Stenersen, Amaldus Nielsen og Ludvig O. Ravensberg er gåver som er sjenerøst gitt til folket. Dette burde vore utstillingar som det var låg terskel for å stikke innom. Slik det er no, gjer inngangsbilletten det heile altfor eksklusivt.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»