JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Internasjonalt i Ålesund

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Harminder Judge, «Self Portrait (after Kali and Gene)», 2009.

Foto: Kristin Støylen

5036
20210416
5036
20210416

Utstilling

KUBE

Er jeg menneske for deg?

Ålesund 19. mars–3. oktober
Kurator: Tove Lande, med­kurator: Solfrid Otterholm
Gruppeutstilling: John Akomfrah, Per Inge Bjørlo, Anders Holen, Harminder Judge, Amy Karle, William Kentridge, Lawrence Lek, Britt Sorte og Liv Dysthe Sønderland.

Vi vert møtte av eit lòde, kolsvart ansikt med raud geipande tunge og blenkjande kvite tenner. Dei vidopne auga lyser av dyrisk villskap, ein viking i berserk. Den fulle tittelen på fotoverket er «Self Portrait (after Kali and Gene)». Her har den London-baserte kunstnaren Harminder Judge (f. 1982) smelta saman med den gruvekkjande gudinna Kali og Kiss-artisten Gene Simmon. Med syrlig ironi avslører han tradisjonsbundne strategiar for avhumanisering av Den andre. Fotografiet dannar ein barsk start på utstillinga «Er jeg menneske for deg?». Gjennom tre etasjar vert vi pressa til å løfte blikket frå navlen og skode vidt utover. Kva vil det seie å vere menneske? Korleis forvaltar vi medmenneskelege omsyn på denne kloten?

Dette er ei vel uttenkt utstilling. Kuratorane har sett saman ein frisk bukett av nasjonale så vel som internasjonale kunstnarar, så flott montert at det er ein fryd å sjå. Utstillinga står til oktober – og er verd turen. Og set av godt med tid. Her er mykje å sjå, mellom anna tre videoverk, to av dei alvorleg lange. Filmen «IAIDOL» av britiske Lawrence Lek på 83 minutt får du til gjengjeld sjå medan du på sunnmørsk vis sit komfortabelt i ein sofa.

Autodafé

Videoverket som gjorde sterkast inntrykk, var «Auto Da Fé» (2016) av den britiske kunstnaren John Akomfrah (f. 1957). Gjennom førti minutt følgjer vi åtte historiske migrasjonar gjennom 400 år, heilt fram til vår tid.

Filmen viser den håplause situasjonen til dei som må rømme frå alt dei hadde, og etter ei farefull ferd kjem i land ein stad dei ikkje finn seg til rette, ikkje er velkomne, vert jaga vekk frå. Nærbilde av rytmiske bølgjer som vaskar leiker og personlege gjenstandar på land. Det mektige havet som både bergar og sluker liv blandar dei åtte hendingane saman i ei endelaus kamp. Havet vert som ein allegori over korleis vi tenkjer på dei som må rømme unna, flyktningstraumar, bølgjer av menneske, druknande i mengda.

I filmen vandrar menneske i praktfulle klede mellom ruinar som ironisk nok er restar etter eit nedlagt badeanlegg. Filmen vert vist på to store skjermar, med spennande komposisjonar og klåre bilde. Venleiken gjer at vi orkar å sjå, for det er eit av dei smertefulle temaa vi helst lett lèt att auga for. Er dei menneske nok for oss?

Going Grey

I eit kompakt kvelv av betong i kjellaren av museet har norske Liv Dysthe Sønderland laga ein klaustrofobisk installasjon om Svanviken arbeid­s-koloni for taterfamiliar på Eide på Nordmøre.

Som følgje av nasjonale direktiv for omstreifarar vart taterar heilt frå 1908 til 1989 pressa gjennom ei hardhendt fornorsking. Gjennom grafikk, installasjon, musikk og video tek kunstnaren føre seg korleis kulturen til taterane, med ornament, klede, fargar, song og språk, vart effektivt vaska vekk, så dei kunne eltast til dugande bønder og husmødrer etter norsk resept. Verka er vare og antydande, så vi gjennom fleire sansar kjenner smerta ved å verte grå og tilførte skam, også fortviling ved å miste retten til å styre eige liv.

Grunnplanet til eit typisk Svanvik-hus for ein familie på fem er teipa på golvet, sarte grafiske trykk er hengde opp med kraftige, overdimensjonerte metallklemmer, alt farga av vemodige tonar frå visesongaren Elias Akselsen. Når vi snur for å gå ut av rommet, ser vi at fargane logar opp att i dei siste grafiske trykka. Utstillinga endar såleis med ei von om endring.

Og såra veks i oss alle

På same vis som arbeidet til Sønderland er vanskeleg å forklare, men må sansast i utstillingsrommet, er dei mektige verka til Per Inge Bjørlo også vanskelege å fange med ord.

Bjørlo får boltre seg i hovudsalen med røffe arbeid i filt, plast, stein og metall. Her har kunstnaren brukt penslar av eld og syre, brent tvers gjennom materialet, såleis at dei gapande såra skaper motiva, stiliserte menneskeskapnader, ei form for sjølvportrett. Arbeidsmåten gir eit dramatisk uttrykk, det nakne og sårbare vert løfta fram som ein styrke.

Kunstverka får ein til å undre seg. Det kan synast som om vi ikkje alltid er menneske nok for oss sjølve. Men dersom vi ikkje greier å verdsetje og berge oss sjølve, korleis kan vi då hjelpe andre?

Mange spørsmål, få svar

Det er ikkje plass til å nemne alle kunstnarane. Her er òg framtidsvyar, komplekse og underfundige installasjonar som set spørsmålsteikn ved om menneska eigentleg kan heve seg over andre livsformer, så vel som utvisking av grensene mellom menneske og maskiner.

Utstillinga Er jeg menneske for deg? flettar det lokale og det internasjonale, fortid og framtid saman på friske og heilt uventa måtar. Her går vi på ei spennande og leiken utforsking der vi får servert langt fleire spørsmål enn svar. Det gir oss materiale å grunde vidare på sjølve, og kva er vel betre enn det?

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis