Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Kunst landet rundt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stacy Brafield, stillbilete frå videoverket «Spending Time with Tears».

2397
20220225
2397
20220225

Hvitt lerret, ubeskrevet blad

Galleri Nord-Norge, Harstad

10. februar–13. mars

Som tenåring vart Herleik Kristiansen (f. 1947) send til Trastad Gård/ Nord-Norges Åndssvakehjem, diagnostisert som «ikke opplæringsdyktig». Den skjemmande merkelappen gjorde han raskt til skamme. Ved Trastad fekk han grundig opplæring i ulike kunstnarlege teknikkar, og han vart etter kvart ein anerkjend grafikar og keramikar. Han er vår best kjende outsiderkunstnar, altså ein som står utanfor samfunnet. Så kan ein reflektere over bruken av eit slikt omgrep medan ein fordjupar seg i denne omfattande utstillinga. Ho viser eit rikhaldig og spennande kunstnarskap som sprengjer dei fleste kategoriar. Utstillinga viser også verk av Børge Olufsen, Jardar Lunde og Arnold Johansen.

Vestlandsutstillingen 22 – 100 år

Haugesund kunstforening

11. februar–13. mars

Turnéstart av den juryerte utstillinga med tilknyting til Vestlandet. Utstillinga skal seinare visast i Ålesund, Øystese, Stavanger, Førde og Bergen. I samband med hundreårsmarkeringa skal det i år visast fram eit stadspesifikt kunstverk for kvar av visingsstadene.

I Haugesund er Mathijs van Geest invitert til å lage eit nytt kunstverk i byrommet. Han har utvikla ein ny font som publikum kan laste ned, i tillegg har kunstnaren laga skulpturelle versjonar av bokstavane, som okkuperer benker og eit stort banner på fasaden til Karmsund folkemuseum.

Sigve Knutson og Jane Hupe

Nils Aas Kunstverksted, Inderøy

5. februar–17. april

Organiske og uventa utformingar i tre og trykk av Sigve Knutson og abstrakte tresnitt av Jane Hupe.

David Edward Allen. Nightshade

Kongsvinger kunstforening

5. februar–6. mars

Den Berlin-baserte kunstnaren viser ein serie mørke, stemningsfulle måleri og eit lydverk. I dei mørke flatene skimtar vi stiliserte skoglandskap, medan vi lyttar til lydopptak frå skogen som synleggjer kor skjerpa høyrsla vert når det er mørkt. Om natta får den elles trygge skogen noko mystisk og dragande over seg, så vel som noko skremmande og fråstøytande.

File Under Freedom

Bergen Kunsthall

5. februar–27. mars

Gjennom ei frodig kryssing av jazzmusikk og visuelle kunstuttrykk behandlar utstillinga temaet improvisasjon og fridommen som ligg i kunstnarleg utforsking. Her møter vi eit mangfald av nasjonale og internasjonale kunstuttrykk, i form av nyproduserte verk, sjeldan viste historiske arbeid og arkivmateriale.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis