Kunstakademi i fengsel
Fangearbeid frå Kongsvinger fengsel, 2006.
Foto: Justismuseet
Til alle tider har innsette skapt kunst i fengsel. Som dei majestetiske løvene utanfor Stortinget. Dei vart hogde av straffangen Gulbrand E. Mørstad i 1866.
I dei seinare femti åra har ei rekke fengsel hatt tidsavgrensa kunstprosjekt i samarbeid med profesjonelle kunstnarar. Eit døme er Prosjekt Form ved Kongsvinger fengsel i 2007, som munna ut i ei omfattande kunstutstilling.
Til våren opnar den første permanente kunstutdanninga i eit fengsel her til lands. Det nybygde Agder fengsel får eit kunstakademi, med fullt utstyrt verkstad og galleri i avdeling Froland og kurs og aktivitetar i avdelinga i Mandal.
Agder kunstakademi er leia av den statlege kunstforvaltaren Koro – Kunst i offentlege rom. Dei har oppretta kunsttilbodet i staden for å levere utsmykking. Når det vert oppført nybygg, skal 0,5–1,5 % av byggebudsjettet brukast på utsmykking. Men i dette høvet er det laga ein spenstig omveg. Profesjonelle kunstnarar har forma eit samansett undervisningsprogram av solid kvalitet og vil halde kurs og samarbeide med studentane om å skape verk som blir ei permanent samling som skal smykke fengselet.
Dette uvanlege prosjektet skal ferdigstillast innan 2023. Så får vi håpe at prosjekta resulterer i arbeid som også vert viste utanfor fengselsmurane.
Det er sjølvsagt ein spesiell undervisningssituasjon. Samstundes er dette ei gruppe det er viktig å ta på alvor, når ein ser på den høge kvaliteten på arbeid som vert produsert i fengsel verda over. For tida vert den omfattande utstillinga Marking Time: Art in the Age of Mass Incarceration vist ved Moma i New York. Her møter vi eit mangfald sterke arbeid av 35 kunstnarar, skapte i amerikanske fengsel.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?