Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Kunstnar med brodd

Arbeida til Nancy Spero har høg energi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
 Installasjonen «Maypole: Take No Prisoners» (2007) er rekna som hovudverket til Nancy Spero.

Foto: Camilla Damgård / Lillehammer Kunstmuseum. BONO 2020

5812
20201211
5812
20201211

Utstilling

Nancy Spero:

Opprørske handlinger

12. september 2020–
24. januar 2021
Lillehammer Kunstmuseum

Det er litt av eit kunstnarskap som vert presentert på Lillehammer Kunstmuseum for tida. Her får vi eit tverrsnitt av den femti år lange karrieren til den amerikanske bildekunstnaren og aktivisten Nancy Spero (1926–2009). Utstillinga er kuratert av Museum Folkwang i Essen, sidan har ho vore vist ved Nordiska Akvarellmuseet i Skärhamn og Louisiana Museum i Humlebæk, før ho vert avslutta i Lillehammer. Her er utstillinga tilrettelagd av kurator Janeke Meyer Utne.

Utstillinga viser kor viktige slike samarbeidsprosjekt er, for det er ei svær og sjeldan flott utstilling. Her ser vi korleis Spero går gjennom fleire fasar, korleis ho tidleg utviklar seg vekk frå måleriet. Det heftar for mykje tradisjon med dette mediet, det får ho kjenne på kroppen på den vondaste måten som råd er: å bli ignorert. Ho får ikkje gehør for det ho ønskjer å uttrykke. I 1950-åra er abstrakt ekspresjonisme i fokus, medan Spero arbeider figurativt. Det er dei mannlege kunstnarane som boltrar seg med penselsprut mot svære lerret, medan ho vert usynleggjord. Ho irriterer seg over dei mange hindringane som ligg i vegen for kvinnelege kunstnarar. I staden for å tilpasse seg den mannsdominerte kunstscena trakkar ho opp nye stiar, utforskar nye formspråk, no på papir.

Det er ein slik energi i arbeida hennar. Ein flamme som brenn like sterkt gjennom alle tiåra med kunst. Dette er svært sjeldan å sjå.

Krigsbilde

Særleg inntrykk gjer War Series, som vart utforma i perioden 1966–70 som reaksjon mot Vietnamkrigen. Dette var den første TV-overførte krigen, det gjorde kolossalt inntrykk når brutale, blodige scener velta inn i stovene til folk. Det er verdt å dvele ved kor kraftig dette vart opplevd på 60-talet, i dag er vi kan hende blitt for tjukkhuda.

Kunstnarar verda over laga protestkunst. Spero måla ein omfattande serie på papir der ho viser det absurde ved krigen, den meiningslause valden. Her er anonyme helikopter sette opp mot lidande menneske og elver av blod. Fru Justitia ruvar på eit helikopter, ho har tydelegvis late vektskåla tippe i amerikansk favør.

Spero har fleire måleri av bomber med manneansikt, slangetunger og penisar som roterer som helikoptervenger. Same kor alvorleg temaet er, klarer ho alltid å smette inn syrleg humor. Arbeida er gode i streken, så slagferdige at dei vert ikoniske. Det er til å undrast over at verka ikkje vart kjende i samtida. Kan hende syntest dei ikkje at arbeida var eintydige nok?

På den tida protesterte mange med plakaten som uttrykk, med klåre, reine former inspirerte av popkunst. Spero, derimot, måla gjerne antydande former og klistra på figurar som var inspirerte av egyptisk, etruskisk og førcolombiansk kunst. Uttrykket hennar er såleis universelt og snakkar om krigar til alle tider. Det er nok derfor desse verka talar så sterkt til oss i dag, medan mange av dei andre protestkunstnarane er gløymde for lengst.

Eit eige galleri

Pågangsmotet hennar kan alle hente inspirasjon frå. Sjølv om det er sparsamt med sal og utstillingsplass, dundrar ho på etter sitt eige hovud. Spero finn støtte i kunstforbund for kvinner, og tidleg på 70-talet startar ho eit galleri berre for kvinner, A.I.R. (Artists in Residence), i New York.

Galleriet vart svært viktig, no kunne ho utforme utstillingane sine slik ho sjølv ønskte det. Ho utfalda seg på svært utradisjonelt vis, som ved å stemple motiva sine rett på veggen, gjerne ved golvlistene, så publikum måtte ned på huk for å sjå dei, eller strekke nakken mot verk som hang under taklista. Akkurat dette friske og karakteristiske trekket saknar eg med utstillinga i Lillehammer – verka er monterte på tradisjonelt vis. Men det vert kanskje neste gong. Vi får håpe det vert fleire stormønstringar av Spero, her er nok material å ta av.

Svart og raudt

Med synleggjeringa kom anerkjenning og tilbod om utstillingar. Sidan 80-talet har uttrykket til Spero lysna tematisk. Ho tok til å arbeide med stempel av kvinnefigurar henta frå bøker og magasin. Frå å arbeide med vald og liding vart verka livskraft, ei feiring av kvinneleg vitalitet og styrke.

I det enorme arbeidet «Black and Red» (1994), fordelt på 22 langstrakte friser, har ho sett saman eit samansurium av kvinneskapnader i eit muntert opptog. Her er egyptiske musikarar, akrobatar, gudinner og kulturelle symbol frå kulturar verda over. Såleis vert arbeidet eit manifest om kvinneleg makt og særeigne uttrykk gjennom historia.

Dei seinare arbeida har også fargeprakt, flatene er bygde opp med fleire lag med målarstrøk og stempelmotiv. Såleis vert opplevinga av arbeida også ei estetisk nyting.

Venezia 2007

Hovudverket sitt laga Spero til Veneziabiennalen i 2007, to år før ho døydde. «Maypole: Take No Prisoners» er den einaste installasjonen i utstillinga. Her er det skore ut 74 hovud som er trykte på aluminiumsplater. Dei heng i sløyfeband og kjettingar til ein påle. Ansikta er blodige, vrengde i smertefulle grimasar som vitnar om at døden ikkje var lett.

I dette arbeidet ser vi ekstra tydeleg affiniteten kunstnaren har til kontrastar. Maistonga vert assosiert med fest og glede, eit gamalt fruktbarheitsritual for å sikre gode avlingar. Når den muntre dansen kring stonga vert erstatta av død og liding, kjennest verket ekstra nært, det vert relevant for oss på ein grunnleggjande måte. Her får vi i staden ein dødsdans, med assosiasjonar til arbeid som Munchs «Piken og døden», der kvinna dansar med eit skjelett.

«Maypole» er laga med direkte utgangspunkt i eit måleri frå War Series i 1967, eit tema ho syntest vart reaktualisert med invasjonen av Irak i 2003. Samstundes gjer den store rikdomen i tydingslag verket til ein allegori over det forgjengelege i livet.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis