JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Litt halvhjerta om kjærleik

Medan festspelutstillingane plar vere spektakulære og storslegne, overraskar Torbjørn Rødland med ei lågmælt utstilling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Torbjørn Rødland: «Ace of Cups», 2017–2018.

Foto: AccuSoft Inc

5670
20180601
5670
20180601

Festspel-
utstillinga
i Bergen

Torbjørn Rødland

Fifth Honeymoon

Kunsthallen
24. mai–12. august
Kuratorar: Steinar
Sekkingstad og Axel Wieder

Festspelutstillinga i Bergen er ei av dei viktigaste utstillingane av samtidskunst i landet. Kvart år vert det valt ein festspelkunstnar som får Bergen Kunsthall til disposisjon. Det vert stilt eitt krav: Ingen av verka skal vere stilt ut tidlegare. Dette er ei stor utfordring, for dei fire salane dannar eit svært areal. Ofte verkar det som om festspelkunstnarane har løfta seg etter håret i prosessen med å lage så mykje nytt, kan hende ser vi starten på ein heilt ny kurs.

Dette gjer at ein ser fram til utstillinga med store forventningar.

Internasjonal

I år er fotokunstnaren Torbjørn Rødland (f. 1970, Stavanger) festspelkunstnar. Sidan 2010 har han budd i Los Angeles. Samstundes som han for lengst er skriven inn i norsk kunsthistorie, markerer han seg internasjonalt, endåtil i aukande grad. I sommar opnar også store utstillingar i Los Angeles og Milano.

Eg må innrømme eg vart litt skuffa av utstillinga. Eg venta meg meir av denne uvanleg dyktige kunstnaren. Eg saknar smellet verka hans kan ha, det som får deg til å stå og gape, som får motiva til å brenne seg inn i netthinna. Eg får ei snikande kjensle av at vi ikkje var viktige nok denne gongen, at dei andre utstillingane han skal ha i sommar, slukte noko av den energien som han med fordel kunne sprøyta inn. Ein tredjedel av arbeida er dessutan eldre, det vil seie at dei ikkje er laga spesielt for utstillinga. Utstillinga her verkar ørlite grann halvhjerta. Likevel er det ei verkeleg god utstilling, og vel verd ei bergensreise.

Bittersøtt

Medan festspelutstillingane plar vere spektakulære og storslegne, overraskar Rødland med ei lågmælt utstilling. Her er 30 fotoverk i ulike storleikar og ein video som går i sløyfe.

Det kjennest godt å komme inn og late att døra. Ute er det eit yrande liv med mange inntrykk. Inne er det mykje luft, mykje kvit vegg. Det er utfordrande å halde nerven når ein vel slik liten skala på arbeida, så få bilete. Men til desse bileta fungerte det godt.

Det kjennest frigjerande å vere i det svale museumsbygget og sjå på dei små og stillferdige bileta, nyte det gode handverket, undre seg over kva ein eigentleg ser. Fleire av bileta minner om fragment av draumar som glir unna før ein klarer å fange dei opp. Bileta er svært forskjellige, og krev at ein ser på ulike måtar, tek seg tid å omstille seg frå bilete til bilete. Ein leitar etter samanhengar, trådar som kan gje spor om korleis utstillinga kan tolkast. Utstillinga er spekka med referansar til ulike fasettar ved tilværet, til kunsthistoria og til andre verk i utstillinga. Gir vi oss litt tid, opnar utstillinga seg opp for oss, og vi kan gå på oppdagingsreise.

Tema for festspelutstillinga er bittersøtt: den femte bryllaupsreisa. Det ligg mange brostne håp og draumar i tittelen, men ein har knytt dei evige banda på nytt og på nytt, og reist ut på ei kjærleiksreise som det kanskje fell tungt å tru fullt og heilt på.

Eit simpelt femtal i brun papp dukkar opp i fleire motiv – eit tal ein helst vil tone ned i slike samanhengar. Kan hende ligg det og gneg i bakhovudet, uråd å få ut av tankane. I eitt verk er talet dekorert med sjokolade, noko som gjer det endå meir trist. Ved sida av heng det eit bilete med to ringar dyppa i sjokolade. Om du tek på dei, på vil dekoren smelte, klistre seg til deg slik konfliktane gjorde, slik at det ikkje lukkast ved tidlegare forsøk.

Endå meir uroande er ein brudesko i porselen som er brutalt spidda av fem lange spikrar.

Ace of Cups

Eit av dei større bileta er «Ace of Cups». Ein sølvskimrande kopp fløymer over av vatn. Vi kjenner att motivet frå tarotkorta. Kortet «Ace of Cups» er eit kjærleikskort, og det står for starten på eit nytt forhold. I koppen ser vi refleksjonen av ein sitron – ei frukt som er symboltung i eldre kunst og står for den jordiske venleiken. Motivet er fotografert med ein dramatisk lys- og skuggeverknad. Det minner om barokke stilleben.

Andre verk er dystrare, som «Salty Earth». Verket er paradoksalt vakkert, sjølv om motivet rett og slett er ein uttørka havbotn med fiskeskjelett. Fleire av verka er så godt fanga at ein vert ståande å sjå med glede før det sig inn at dette handlar om å døy.

Foto farga med lyd

I videoverket «Between Fork and Ladder» møter vi ein gutunge i eit solbada Lofoten. Filmen har inga samanhengande handling, men er fullspekka av hint til fotografia i utstillinga og referansar til kultur, filosofi og samfunn. Ikkje minst merker ein seg at guten klipper ut frosken Pepe frå ein tekstil. Frosken er ein av desse figurane som har spreidd seg på nettet og skifta innhald mange gonger undervegs. Men det som lenge var ein leik, endra seg idet figuren vart teken til inntekt for høgreekstremisme. Fenomenet viser kor stort spenn det kan ligge i tolkinga av ein figur, korleis ein uskuldig figur kan førast på vidvanke.

Guten syng ein song medan han arbeidar. Songen er fengjande, og han minner om noko ein har høyrt før, men så er det ikkje det likevel. Tonane breier seg utover salane og fargar utstillinga, og styrkar vemodet ein kjenner i møtet med bileta. Etter kvart vert songen irriterande å høyre på, og minner om når barna der heime syng same songen om att og om att, til ein vert svimmel.

Framandgjering

Utstillinga handlar ikkje berre om ei bryllaupsreise. Ekteskapet kan tolkast som ein allegori over livet sjølv, med rastløyse og uvilje til å verte verande når det buttar imot.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis