JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Naken og gøymd

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ole T. Ytterdal: Mannsakt.

Ole T. Ytterdal: Mannsakt.

Foto: Eva Furseth

Ole T. Ytterdal: Mannsakt.

Ole T. Ytterdal: Mannsakt.

Foto: Eva Furseth

2166
20211217
2166
20211217

Nærare femti år etter at målaren Ole T. Ytterdal (1890–1971) døydde, vart store rullar med teikningar funne i atelieret hans. Her var nakne kroppar i fleng, teikna etter modellar som hadde posert på studiestadane i Kristiania og Paris. Som denne akta av ein sitjande mann. Stempelet nedst på arket viser at ho er utført på Frihaandstegning III, det høgste nivået ved Kunst- og handverksskolen i Oslo. Teikninga er imponerande sikkert utført av den om lag 18 år gamle kunstnaren.

I ei tid då måleriet var figurativt, var studiet av den nakne menneskekroppen ein avgjerande del av undervisninga. Her skulle ein lære å sanse muskelrytmen, å finne formsymmetri så vel som å få fram tankar og kjensler. Ei godt utført akt var inngangsbilletten til dei beste utdanningsstadane.

Kvifor Ytterdal hadde gøymt så omhyggeleg vekk desse vakre teikningane, mange også ferdigstilte som kunstverk, kan ein berre spekulere på. Det kan hende han var redd for kva bygdefolket i Eidsdal ville synast om dei? Han budde og arbeidde i denne vesle sunnmørsbygda storparten av livet. Kroppen vist fram på ein slik måte, i nærare ein meter store teikningar, var nok folk ikkje vande med å sjå. Ei aktteikning verkar mykje meir intim enn til dømes ein statue av ein naken person i bronse. Ein kjem så mykje nærare i eit slikt studium, med nakne, svarte linjer på eit elles heilt kvitt ark.

Aktteikningar tilbyr ei heilt eiga kunstoppleving, her kan ein la seg fascinere av menneskekroppen, av korleis ulike positurar synleggjer den indre anatomien, av korleis vinkelen på lyset er med på å forme opplevinga i tre dimensjonar.

Denne teikninga har teke fleire timar å utføre. Vi ser at modellen er profesjonell. Det krev stor kontroll med kroppen å halde ei stilling over lang tid, og også gå inn att i nøyaktig same posisjon etter ein pause. Det er ikkje tilfeldig at mannen sit på denne måten, han lener seg svakt mot høgre handa, samstundes som han løftar venstre hæl frå bakken. Såleis får han fram ei ørlita vriding i kroppen, og kunststudentane får bryne seg på å skildre skilnaden mellom arbeidande og kvilande musklar, noko Ytterdal lukkast særs godt med her.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis