JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Steinbra i Steinkjer

Det er imponerande når ei kunstforeining basert på frivillig innsats gir seg i kast med ei utstilling av dette formatet, og lukkast så godt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tore Reisch: «Tilbakefall», furu, eik, lønn, bjørk, bøk (2022).

Foto: Gunnar Kåre Hansen

7259
20240628
7259
20240628

Utstilling

Steinkjer
kunstforening:

Skulptursommer
Steinkjer

20. juni–28. august
Kurator: Robert Øfsti

Steinkjer kunstforening har invitert seks kunstnarar til å velje seg kvart sitt verk til denne utstillinga. Det første møtet med utstillinga kjem allereie før vi går inn. Rett på brusteinen er det montert ei smal bogeform av steinblokker. Det slår i magen når vi oppdagar at verket er laga av fragment frå gravstøtter, på fleire av dei er delar av dei sirlege, gullbelagde inngraveringane og årstala lett leselege. Mange er ikkje særleg gamle heller. Støttene er grovt tilhogde, med spor etter tusjmerke frå tilverkingsprosessen.

Steinane har ulike vakre fargenyansar, og denne estetikken krasjar hardt mot opplevinga av at dette er ekte gravstøtter, som no er forkasta, lagde vekk. Skulpturen «Båten» får oss til å innsjå at vi nok er meir konvensjonelle enn det vi trur på dette punktet. Gravstøtter er noko som skal vere på kyrkjegarden, ferdig med det. Såleis kan ein gjenbruk som dette opplevast som skakande, nesten respektlaus. Og det er kanskje nettopp derfor verket vert så sterkt?

Mohed Omrani (f. 1963) er fødd i Iran og kom til Noreg som flyktning. I 2015 etablerte han seg i Steinkjer. «Båten» er laga spesielt for utstillinga. Det er vanskeleg å unngå å tenke på båtflyktningar, dei mange som berre forsvinn i bølgene og aldri får ein slik stein. Samstundes får verket oss til å reflektere over tilhøvet til våre døde, så vel som over vår eigen eksistens.

I Noreg er det slik at gravsteinar vert fjerna dersom ingen vil betale avgift for vidare bruk. Svært mange støtter vert derfor kasserte kvart år, vert gjerne liggande i eit hjørne av kyrkjegarden. Så fort vert vi altså gløymde. Gjennom dette verket får gravstøttene nytt liv.

Det er slett ikkje eintydig, dette verket.

Tore Reisch: «Tilbakefall», furu, eik, lønn, bjørk, bøk (2022).

Tore Reisch: «Tilbakefall», furu, eik, lønn, bjørk, bøk (2022).

Foto: Gunnar Kåre Hansen

God takhøgd

Oppløfta går vi inn i kulturhuset. Bygningen opna i september i fjor og har blitt særs god å vere i. Det er luftig, lyst og lett, med eit bibliotek over tre etasjar, scener, kafé og fleire utstillingsstader der ein møter kunst. I andre etasje har Steinkjer kunstforening fått ein moderne utstillingssal med stor takhøgd og god lyssetting.

I utstillingssalen dannar installasjonen «Overfart II» av Vigdis Haugtrø (f. 1974) midtstykket som dei fire andre skulpturane strålar ut frå. Frå taket heng to oretre, dei spreier greinene sine utover og nedover i rommet, som ei lysekrone. Det som skjer under greinene, er like draumaktig.

Eit seljetre er kappa i skiver, lagt utover golvet. Skivene blandar seg saman med forma av ein robåt, såleis at forma dannar eit utflytande kryss. Golvet er med på å understreke det surrealistiske ved verket, og minner om at kreftene i naturen er meir enn fysiske lover.

Elastisk stein

Det mest estetisk tilfredsstillande av alle verka er laga av Gunn Harbitz (f. 1958). Kunstnaren har hogd fram ei spenstig, organisk form, ein slags symbiose mellom åme og plante buktar seg opp frå golvet for å svaie ned og dykke ned att i bakken. Det er så fint at skulpturen «Elastisk» ikkje har nokon sokkel, men står direkte på tregolvet.

Kunstnaren hogger skulpturane sine sjølv, og ein merkar kor grundig verket er laga. Ho kan verkeleg stein. Harbitz er oppteken av å halde liv i steinfaget i landet. Mange kunstnarar set vekk denne prosessen til handverkarar.

«Elastisk» er laga av Ekerød syenitt, som har korna tekstur og funklar i mørke grå og djupmørke tonar. Skulpturen står ved vindauget, med utsikt mot kyrkja og torget, og den polerte overflata får eit vakkert lysspel som endrar seg i takt med det skiftande vêret.

Ho får steinen til å verke så leiken og lett, fleksibel og buktande, alt det stein ikkje plar vere. Men det er ein illusjon, for steinen er massiv og toler alt. Derfor oppmodar Harbitz publikum til å ta på skulpturen. Møtet mellom handa og steinen tilfører heilt nye opplevingar, korleis forma svulmar mot huda når fingrane følgjer kurvene i steinen.

Mohed Omrani: «Båten» (2024).

Mohed Omrani: «Båten» (2024).

Foto: Gunnar Kåre Hansen

Tyngdekraft

«Elastisk» fungerer godt ved sida av skulpturen til Øystein Pålsønn Lønvik (f. 1992). Medan verket til Harbitz er svært kultivert, er skulpturen til Lønvik røff, grov og kraftig. Verket handlar om vekt og tyngdekraft: Ei tung steinblokk av lokal kalkstein er montert svevande under ein kraftig opphøgd trestamme. Berre to tynne tau held steinen oppe.

Dette er eigentleg ingen trestamme, meir eit grovt fragment frå eit digert tre. Dei svære brotflatene vitnar om at det har vore stor kraft i sving. Har treet brotna i storm, er det derfor det ser så sundrive ut? Eller er det kunstnaren som har forma det såleis med kraftig verktøy? Det verkar som om dette møtet mellom det intenderte og det naturskapte er ein viktig del av historia til dette verket.

Anders Sletvold Moe skil seg ut frå dei andre fem med tre stramme, glatte skulpturar som er monterte på veggen. Han er kjend for modernistiske, stramme figurar som appellerer til intellektet meir enn til kjenslene. Dei reinskorne skulpturane er heilt blanke i overflata, med geometriske mønster spraya med kvit og grøn billakk. Kva verket handlar om, er ikkje så godt å seie, kanskje dannar dei bokstavane HOH? Samstundes er det som om skulpturane har ein eigen liten disputt. To av skulpturane står tett, medan den tredje står litt unna, akkurat som om han er skubba vekk.

Mest festleg

Den siste skulpturen er den desidert mest festlege. Tore Reisch (f. 1978) har smidd «Tilbakefall» ut av tresortane furu, eik, lønn, bjørk og bøk. Reisch arbeider med treskulpturar, ofte med innslag av humor, som her. Denne underlege lette tretrappa er montert på fugleføter – eller er det røter? Trappa er skakk og ustø. Her er det ikkje berre folk som ramlar ned, heile konstruksjonen er liksom ute å køyre.

Skulpturen er elegant laga. Reisch får det til å sjå så enkelt og tilforlateleg ut. Det er så tynt og lett, alt saman, trappa vert som eit teppe som flagrar i vinden, eller det kan lesast som aksjekonjunkturar som rasar nedover. Ein nedtur så ille at også trappa kollapsar.

Eigenprodusert

Dei seks skulpturane tek rommet på svært ulike måtar, likevel fungerer dei svært godt saman. Eg er særleg glad for at det er så godt med plass kring kvar skulptur, slik at ein retteleg kan gå rundt kvart av verka. For skulpturane må opplevast frå alle sider, skal vi få ei fullgod oppleving av dei.

Dette er ei imponerande solid og gjennomarbeidd utstilling, især med tanke på at ho er utført av ei foreining med berre frivillige. Slike utstillingar er både tidkrevjande og kostbare, berre søknadene om finansiering krev eit krafttak. Kunsthistorikaren og forfattaren Robert Øfsti har vore sentral for utstillinga, og har også skrive tekstane til den innsiktsfulle katalogen. Foreininga har endåtil sjølv stått for layouten, som også er av topp kvalitet.

Eg har stor sans for at foreininga har gjort jobben sjølv og ikkje involvert ekstern kurator og liknande. Det er gjerne noko glatt og hastig over desse innkjøpte utstillingane. Det er samstundes viktig å opparbeide kompetanse i foreininga, for dette er krevjande og komplekst arbeid. Men så vert det også meir lystprega med slike verv når ein sjølv får prøve og feile.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

Alle foto: Frank Furseth

KunstMeldingar

Glede er eit aktivt val

Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis