«Aprilsnø» av Annette Kierulf: Gjennom fargetresnitt utforskar kunstnarane tema som familierelasjonar, feminisme og tilhøvet til naturen. I tillegg viser dei ein installasjon med objekt av porselen.
With eyes closed, call me
Masterutstillingen i kunst 2019
Bergen Kunsthall
12. april–5. mai
Når kirsebærtrea kring Lille Lungegårdsvannet blomstrar, er det atter tid for avgangsutstillinga for kunst ved universitetet i Bergen. 24 kunstnarar fyller alle romma i kunsthallen. Det er spennande å få med seg arbeida til den nye generasjonen av kunstnarar. Snart opnar tilsvarande utstillingar i Tromsø, Trondheim og Oslo.
Christoph og Sebastian Mügge
«Safe Room Vestfold»
Vestfold Kunstsenter, Tønsberg
6. april–26. mai
Ein myldrande, underfundig og leiken installasjon om korleis skape tryggleik i ei potensielt utrygg tid. Og kven av oss får lov inn i tilfluktsromma? Utstillinga dreg linjer frå den kalde krigen og fram til notida.
Patrick Huse
«Landskap som tomhet og kilde»
Lillehammer Kunstmuseum
4. april–9. juni
Utstillinga viser 35 teikningar som er produserte dei siste åra. Her får vi høve til å utforske ei ukjend side ved kunstnarskapet til målaren og grafikaren Huse. Også teikningane har landskapet som motiv, utforma av tette strukturar av gjentakande, organiske linjer.
Sverre Wyller
Hå gamle prestegard, Nærbø
23. mars–26. mai
I det nye galleriet i fjøset syner Sverre Wyller skulpturar og måleri i eit abstrakt og organisk formspråk. Måleria er utførte i eggtempera, som er ein av dei eldste måleteknikkane vi kjenner, men utforma i eit modernistisk formspråk. Dei røffe skulpturane er utførte i stål og tre.
Annette Kierulf og Caroline Kierulf
«Superblue»
Dropsfabrikken, Trondheim
4. april–20. mai
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
With eyes closed, call me
Masterutstillingen i kunst 2019
Bergen Kunsthall
12. april–5. mai
Når kirsebærtrea kring Lille Lungegårdsvannet blomstrar, er det atter tid for avgangsutstillinga for kunst ved universitetet i Bergen. 24 kunstnarar fyller alle romma i kunsthallen. Det er spennande å få med seg arbeida til den nye generasjonen av kunstnarar. Snart opnar tilsvarande utstillingar i Tromsø, Trondheim og Oslo.
Christoph og Sebastian Mügge
«Safe Room Vestfold»
Vestfold Kunstsenter, Tønsberg
6. april–26. mai
Ein myldrande, underfundig og leiken installasjon om korleis skape tryggleik i ei potensielt utrygg tid. Og kven av oss får lov inn i tilfluktsromma? Utstillinga dreg linjer frå den kalde krigen og fram til notida.
Patrick Huse
«Landskap som tomhet og kilde»
Lillehammer Kunstmuseum
4. april–9. juni
Utstillinga viser 35 teikningar som er produserte dei siste åra. Her får vi høve til å utforske ei ukjend side ved kunstnarskapet til målaren og grafikaren Huse. Også teikningane har landskapet som motiv, utforma av tette strukturar av gjentakande, organiske linjer.
Sverre Wyller
Hå gamle prestegard, Nærbø
23. mars–26. mai
I det nye galleriet i fjøset syner Sverre Wyller skulpturar og måleri i eit abstrakt og organisk formspråk. Måleria er utførte i eggtempera, som er ein av dei eldste måleteknikkane vi kjenner, men utforma i eit modernistisk formspråk. Dei røffe skulpturane er utførte i stål og tre.
Annette Kierulf og Caroline Kierulf
«Superblue»
Dropsfabrikken, Trondheim
4. april–20. mai
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.