Novella, filmen – og musikken
Eiko Ishibashis lydspor til Drive My Car står støtt på eigne bein.
Komponisten Eiko Ishibashi er produktiv og eventyrleg allsidig, meiner Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Filmmusikk
Eiko
Ishibashi:
Drive My Car
Newhere Music
Det gav meining då eg såg at den nye spelefilmen til den japanske regissøren Ryusuke Hamaguchi, Drive My Car, skulle vere inspirert av og byggje på ei novelle av landsmannen Haruki Murakami med same tittel frå 2014 (ei norsk omsetjing ved Yngve Johan Larsen finst i Menn uten kvinner frå 2016). Når det så gjekk opp for meg at lydsporet var ved komponisten og artisten Eiko Ishibashi, fall alle brikkene på plass.
Skal nokon lage musikk til akkurat ein slik film, bygd på akkurat ei slik forteljing, må det nemleg vere Ishibashi. Kvifor? Det har med sensibilitet å gjere, linene som møtest i konfigurasjonen Murakami–Hamaguchi–Ishibashi, som er som skapt for å ta vare på det gåtefulle og det uføreseielege i teksten, med kraft, venleik og originalitet.
Skuffar ikkje
Ishibashi har eg skrive om på desse sidene fleire gonger før, ikkje minst om det framifrå konseptalbumet The Dream My Bones Dream (2018), der ho hadde med seg den mangeårige samarbeidspartnaren Jim O’Rourke. Auga opp for musikken hennar fekk eg først med Car and Freezer (2014), som baud på ein jazza popmusikk som ikkje heilt likna på noko eg hadde høyrt før.
I åra som har følgt, har eg stadig vendt tilbake til denne produktive og eventyrleg allsidige artisten, og konglomeratet av artistar som omgir henne i Tokyo, utan ein einaste gong å verte skuffa.
Heller ikkje med Drive My Car, som har fleire av særtrekka som kjenneteiknar Ishibashis musikk. Som så mange lydspor sirklar også dette inn nokre tema og melodiliner som det vert vendt tilbake til igjen og igjen, med ei utbrodering og utforsking av kva dei rommar. Eit musikalsk motiv som først kan verke ope og mildt, kan få noko urovekkjande over seg, ein tydeleg figur kan losne opp i konturane og skape ei kjensle av det uvisse og uavklarte.
Lydcollage
Multiinstrumentalisten Eiko Ishibashi spelar sjølv på piano, Rhodes, synthar, fløyter, ein Melodion og vibrafonar, og O’Rourke er nok ein gong viktig, på ymse gitarar, til liks med fleire andre Tokyo-baserte musikarar som også er med.
Lydar frå filmen tilfører atmosfære, og Ishibashi, som har arbeidd mykje med lydcollage før, balanserer bruken av slike stemningsskapande element kresent. Les novella, sjå filmen, lytt til lydsporet – det siste ikkje minst om du skal ut på biltur.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Filmen er meld av Brit Aksnes
på side 26–27.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
–FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Teikning: May Linn Clement
«Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Amerikanske grensevaktar om bord i eit hydroplanfartøy med vasspropell på Rio Grande. I vasskanten: våte klede som migrantar har late att. Bak: konteinarmuren.
Alle foto: Håvard Rem
Ei grensevakt fortel
EAGLE PASS: Der kvite vert færre, vert Republikanarane sterkare, her
i Texas som i Florida. Er dette «å mista Groruddalen» på amerikansk?
Brosundet i jugendbyen Ålesund.
Foto: Halvard Alvik / NTB
Opprør utan variasjon og dekor
«Opprørarane sveisar fast at berre den typen arkitektur opprørarane sjølve godtek, er kultur.»