Under Nysetmånen
Stein Torleif Bjella er ein travel mann, men det går ikkje utover kvaliteten på musikken.
Stein Torleif Bjella skal turnere i tillegg til å stå på scena på Det Norske Teatret i haust.
Foto: Therese Wangberg
Rock
Stein Torleif Bjella:
Nysetmåne
HES
«Finst det folk du har kjent/ som du forlengst har fortrengt», syng Stein Torleif Bjella i «Koden knekt», opningslåten på det nye albumet Nysetmåne. Om det er tilfelle, kan det vere songane på det nye albumet får deg til å tenkje på menneske du ikkje har hatt i tankane på ei stund.
Bjella er ein meister på karakterteikningar i kortformat. Eg trur mange lyttarar vil kjenne att onkelen i «Onkel» og livshistoria som der vert teikna opp i grove, men tydelege liner, eit liv vi aldri kan meir enn å gløtte inn i. Det same gjeld forteljaren i «Kompleksitet», som fortel mykje om seg sjølv i kraft av måten han uttrykkjer si eiga sjølvforståing på. Dette er tilfellet også for «Hallingdal er ei øy», som er ei slags programerklæring for den urokkelege, den som held seg unna den risikoen som er involvert i å knyte seg til eit anna menneske: «No ligg e vakjin og tenkji hardt/ om e ska våge å ta kontakt/ kjem alder te og skje/ e ska vere her e er.»
Hardt og mjukt
Dette hardbarka individet kjenner vi godt frå Bjellas univers, men Nysetmåne byr også på ei tilkjempa tiltru til romantikken, som i det nydelege, avsluttande tittelsporet, med sine ekko frå dylanske stjerneskot («Shooting Star», 1989) og youngske haustmånar («Harvest Moon», 1992), eller i den hudlause lengten som kjem til uttrykk i ein song som «Treng deg no».
Hos Bjella er livet både hardt og mjukt, bittert og søtt, kaldt og varmt.
I eit eller anna intervju eg kom over for nokre år sidan, nemnde Bjella musikken til J.J. Cale som ein vedvarande inspirasjon, og det er eit namn eg kjem til å tenkje på tidt og ofte når eg lyttar til det gitarbaserte, tilbakelente uttrykket på Nysetmåne. Det er som det skal vere. Bjella-gemyttet liknar Cale-gemyttet. Geir Sundstøl (gitar, steelgitar, mandolin) spelar nok ein gong ei viktig rolle, og musikarane som er med, utgjer eit aldri så lite kremlag. Eg likar lyden av dette albumet, røysta til Bjella, dei rufsete blåtonane.
Litterære kvalitetar
Stein Torleif Bjella er med gode grunnar ein feira artist, og lista med prisar kunne ha fylt storparten av denne meldinga, med Spellemann og Prøysen og Bendiksen og Edvard i fleng sidan han debuterte med Heidersmenn i 2009. Dei store litterære kvalitetane hans som låtskrivar er godt kjende, og etter kvart har det også kome bøker, Jordsjukantologien (2017) og Fiskehuset (2021), noko som gjer det mogleg å snakke om det som er typisk Bjella på tvers av sjangrar og medium.
I haust er han ikkje berre plateaktuell; han har også laga musikk til teateroppsetjinga av Lars Myttings Hel ved på Det Norske Teateret, der han også er med som skodespelar. Fyren har mykje gåande – men Nysetmåne viser at det ikkje går utover kvaliteten på musikken han lagar.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trump meiner alvor med Grønland
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.
Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.
Foto: David Goldman / Ap / NTB
Ein inspirerande arv
Jimmy Carter fekk eit etterliv som menneskerettsaktivist og siviliserande moralpolitikar som ingen annan president i USA.
Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Foto: United International Pictures
Goth nyttår, folkens!
Kor skummelt kan det eigentleg bli når ein ikkje lenger trur på det overnaturlege?