Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Råsterkt teater

Ei framsyning som når heilt ned i hjarterøtene, og med eit strålande spel i hovudrolla.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Carmen Boveda på cello, Kamilla Grønli Harvig og Kristi-Helene J. Engeberg, som spelar hovudrolla.

Foto: Sebastian Dalseide

3289
20221118
3289
20221118

Den Nationale Scene / Teaterkjelleren

Sara Stridsberg:

Kjærlighetens Antarktis

Omsett av Monica Aasprong
Regi og scenografi: Annika Silkeberg
Lyd og videodesign: Fredrik Arsæus Nauckhoff

Min første tanke: Det er uråd å yte denne rike, merkelege, vondvakre og poetiske romanen rettferd på teaterscena.

Så: Men det er jo forfattaren sjølv som har dramatisert boka!

Konklusjon: Noko går tapt når 300 boksider blir reduserte til 100 minutt teater. Og likevel…

Kjærlighetens Antarktis er ei eksistensielt utforskande forteljing om livet på yttergrensa, sett frå eit perspektiv som korkje er liv eller død, himmel eller helvete, men sjølve æva – utanfor tid og rom.

Hovudpersonen Kristina har komme frå æva og gått attende til æva. Slik får denne lagnaden også eit bibelsk ekko i all si ikkje-tru.

Berre det at eg-forteljaren er ei prostituert, rusavhengig mor til to born, myrda og så partert, gjer boka heilt spesiell. At skildringa av drapet, ein viktig del av reisverket i boka, stundom er vakker poesi, gjer ikkje historia mindre spesiell. Frå sin plass i æva ser den unge kvinna ned på dei små menneska – dei to borna ho måtte gi frå seg, mora og den fjerne faren, den tidlegare kjærasten og fleire – og minnest sitt korte, ofte vonde liv.

Noko blir borte

Ingen kunne dramatisert denne historia slik Stridsberg sjølv har gjort, så er ho jo også dramatikar. Det saknet som kjennest mest følbart, er at noko av biletrikdommen og poesien frå romanen er borte.

Kva har så regissør og scenograf Annika Silkeberg gjort ut av dette materialet?

Ho har gjort mykje rett, men kunne òg ha gjort heilt andre val. Denne teaterteksten er så sterk i seg sjølv at framsyninga kunne ha vore heilt naken. Utan scenografi. I staden har Silkeberg langt på veg fylt scenerommet og dessutan hekta på litt overtydeleg symbolikk. Har ho ikkje tillit til denne fantastiske teksten?

Men ho har sett opp ein slags skranke frå vegg til vegg heilt framme mot publikum, og der held Kristina seg gjennom dei hundre minutta. Slik blir det som finst lenger bak, mindre nødvendig. Somt kan òg verke forstyrrande, det gjeld ikkje minst dei fire svartkledde «englane», likeins dei mange nakne utstillingsdokkene. Forstyrrande verkar derimot ikkje cellisten Carmen Boveda, som frå ein opphøgd posisjon med mørke tonar gir effektfull, men ikkje overdriven puls og stemning til spelet.

Kraftprestasjon

Romanen er ein monolog, teaterversjonen det same. Og ho som ber heile framsyninga, og her får sitt kunstnarlege gjennombrot, er Kristi-Helene Engeberg. Ho leverer ein kraftprestasjon berre ved all den teksten ho skal hugse, og ved sitt konstante sceniske nærvær. Men framfor alt gir ho overtydande nyansert liv til denne fascinerande kvinna. Ho teiknar ein mangefasettert karakter som stadig gjennomgår brå stemningssvingingar, ho er rå, ho er øm, ho er sår, full av lengt, elskande. Og ho gir røyst til dei vi elles sjeldan høyrer – offera.

Dette er ei kvinne som gjennom mykje av livet sitt har vore objekt for andres blikk og begjær. Men slik ho står fram i Engebergs skikkelse, er ho fri og berar av fine menneskelege kvalitetar.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis