Film
Ski: Eg får fnatt. Er dette reklame eller heimevideo?
Dokumentarfilmen til Nikolai Schirmer følgjer barndomskameraten Vegard Rye, som gjekk ein skitur utanom det vanlege våren 2024.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Tromsøværingane Nikolai Schirmer og Vegard Rye vaks opp med vilter skileik. Kameratane drøymde om å bli profesjonelle frikøyrarar. Schirmer får det til med braksuksess på YouTube, medan Rye går motsett veg. Han vil ikkje på kamera, men ut i naturen på ekstreme turar aleine. No har Schirmer overtala vennen til å vere med i ein film når Rye skal opp på 27 fjell i Lyngen på éin tur.
Skiprat
Stilen er inspirert av korleis fanskaren sikkert er van med å sjå Nikolai Schirmer, snakkande på engelsk til kameraet. Eg får fnatt. Er dette reklame eller heimevideo? Det er mas, mas, mas, over heile lina. Eg vil nesten grynte «dette er ikkje cinéma» medan eg undrar om eg burde ha skrive om endå ein film av Francois Ozon.
Schirmer sel prosjektet som «The Greatest Ski Tour Of All Time» til sponsorar. Han harselerer med si eiga iscenesetjing med metagrep. Norsk sjølvironi er blanda med ein amerikansk draum om å bli noko stort. Vloggaren drøymer om å laga ein Free Solo (2018) frå skiverda, med referanse til klatrefilmen som vann Oscar for beste dokumentar. Slike filmar om friskusar elskar kompromisslause typar som satsar alt, uansett kva det kostar. Det gjeld òg Ski. Vi får rause dosar uoverkommelege problem, risikoanalyse og glorifisering, støtta av2 kjende skifolk frå USA.
So meg
Kontrasten mellom den ultrasosiale SoMe-stjerna og einstøingen driv ei forteljing der Schirmer innser nye ting om seg sjølv. Ski er sjølvsentrert, sjølv om duoen er greie gutar. Vi svingar innom psykisk helse, vennskap, klimaproblem med at folk flyg helikopter for å renne ned smeltande snø. Som mange andre filmar i sjangeren kjem denne med ei melding om at ski skal vere kjekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.