Berre delvis vellykka
Nok ei «klassikarfornying» som vil meir enn ho maktar.
Frode Bjorøy og Kamilla Grønli Hartvig på scena.
Foto: Den Nationale Scene
Den Nationale Scene, Store Scene
Ludvig Holberg:
Erasmus Montanus
Omsetjing: Trine Wiggen og Johannes Wiggen Kramhøft
Omarbeidd av Christian
Lollike, Tanja Diers og Dennis M. Brink
Regi: Christian Lollike
Scenografi og kostyme:
Ida Grarup og David Gehrt
Historia om bondeguten Rasmus Berg, som reiser til hovudstaden og kjem heim att som den forlesne Erasmus Montanus, er meir enn rein komedie. Når Christian Lollike, dansk teaters påståtte enfant terrible, gjer Rasmus (Frode Bjorøy) så til dei grader arrogant og nedlatande, er det vanskeleg å sjå noko tragisk i fallet hans. Men lærdomstragedien er intakt også etter at Lollike har fått herje med teksten, og kanskje tydelegare enn før lyftar oppsetjinga fram noko som er meir relevant i dag – sanningsfundamentalismen og korleis stadig pukking på nye sanningar kan fjerne ein frå folk.
Norsk verdidebatt
Lollike har altså teke for seg Holbergs tekst og både stroke og fritt dikta til. På det viset har han også fått inn den norske verdidebatten, som politikarar som Sylvi Listhaug og Linda Hofstad Helleland dyrkar med like dosar entusiasme og sneversyn. For der Holberg nøydde seg med å la hovudpersonen framføre den «umoglege» påstanden om at jorda er rund, lèt Lollike sin Erasmus også påstå at Noreg ikkje er ein kristen nasjon, verdiane vi held oss med er henta – ikkje frå Bibelen, men frå opplysingstida. Diverre er dette gjort på lettvint og uelegant vis. Holberg hadde nok klart det langt betre, vil eg tru. Då er harpinga på språkteori frå slutten av førre hundreåret meir vellykka.
Men kva for verdiar held bondesonen frå Berg seg med? Han vil gjerne gifte seg med Lisbeth (Kamilla Grønli Hartvig) og påstår at han elskar henne. Men viktigare er kva medstudentane i Christiania (ikkje København, Lollike har med vekslande hell «fornorska» ei oppsetjing frå Aarhus Teater) vil tenkje om han avsver sanninga om at jorda er rund. Og aller viktigast er hans eige velvære. Berre trugsmålet om å måtte gå i krigen får han nølande til å bøye hovud.
Klasseperspektiv
Det uekte – dermed også det usanne – går gjennom heile framsyninga. Alle dei medverkande, med unnatak for Rasmus/Erasmus, er maskerte og beveger seg ekstremt stilisert som automatar, omgivnadene er fantasilaust gråe (som trua på at det vi alltid har visst, alltid vil vere rett), Per Degn (Bjørn Willberg Andersen) er like falsk som han alltid har vore, og scenografien er laga av papp.
På eitt tidspunkt gir Erasmus seg til å demontere heile dette pappverket. Men den klassereisande Rasmus er ikkje mindre uekte, full av geberdar som han er. Berre forakta han syner for både foreldra og andre i landsbyen, verkar ekte. Den einaste som representerer fornufta, er Jacob (Knut Erik Engemoen), bror til Erasmus, som ikkje får kalle han bror og slett ikkje tiltale han med du.
Betre enn i mange oppsetjingar eg har sett, er klasseperspektivet teke vare på. Både mellom høg og låg, men også mellom utdanna og uutdanna, der Erasmus rett nok hamnar i eit stort tomrom.
Diverse uelegante påfunn og blodige skrekkfilmscenar mot slutten overtyder meg berre om at Lollike ikkje heilt trur på sitt eige prosjekt. Men eg gir han poeng for å la koret (joda, han har med eit salmesyngjande kor) til slutt framføre gravferdssalmen «Alltid freidig», med sluttverset «Kjemp for alt hva du har kjært, dø om så det gjelder!».
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.