Draumen om det gode livet
Velspelt og vellukka dramatisering av ein moderne klassikar.
Samspelet mellom Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen er særs godt, meiner Jan H. Landro.
Foto: Espen Nyttingnes
Teater Vestland i Åsane kulturhus
Marit Eikemo:
Gratis og uforpliktande verdivurdering
Dramatisert av Mari Hesjedal
Regi: Linn Meyer Kongshavn og Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenografi og kostyme: Mari Lotherington
Komponist: Marianne Stranger
Marit Eikemos roman Gratis og uforpliktande verdivurdering, med diskré vink til Ibsens Et dukkehjem, burde bli obligatorisk lesestoff for huskjøparar, husseljarar, eigedomsmeklarar og kunderådgjevarar i bankane.
For dei lite leselystne kan denne oppsetjinga vere ei god erstatning, sjølv om ei slik dramatisering aldri kan yte boka full rettferd.
Romanen er ikkje lett å dramatisere, men Mari Hesjedals versjon syner respekt for opphavet og har fått med seg det vesentlege. Humoren er heldigvis også teken vare på.
Det Eikemo presist set fingeren på, er kor stort gapet mellom draum og røyndom kan vere, samstundes som ho talande får fram kor viktig fasaden er for sjølvbiletet til mange av oss (truleg dei fleste). Og trua på at ytre endring kan gjere noko med sjølve tilværet vårt.
I Mari Lotheringtons enkle, men effektive scenografi med flyttbare element, er Hanne (Idun Losnegård) viss på at dersom familien på fire berre finn draumehuset, vil livet endre seg til det perfekte både for henne, mannen (Kyrre Eikås Ottersen) og dei to ungane (Carina Furseth og Peder Lauvås, som båe også går inn i fleire småroller).
Då den rette einebustaden – med hage! – dukkar opp, byrjar jakta og kaoset. Før dei kan leggje inn bod, må dei få heva lånetaksten på husværet dei har budd i dei siste ti åra (og som middelklasseparet, når det avgjerande valet nærmar seg, må vedgå at dei er glade i og eigentleg alltid har trivest i).
To meklarar syner kor ulikt slike kan tenkje, samstundes får dei høve til å demonstrere litt av den særeigne meklarsjargongen. Kunderådgjevaren frå banken verkar derimot som ei litt tam utgåve av rådgjevaren i romanen.
Då husalvoret nærmar seg og nervøsiteten stig, blir også tonen mellom dei to ektefellane skarpare. Agg som tidlegare kanskje ikkje har vore sett ord på, kjem no til overflata og røper eit svik med store konsekvensar. Så livsavgjerande er det, at sjølv draumehuset blir mindre viktig. Denne uventa vendinga kunne vore betre førebudd i sceneversjonen, især fordi dette får etter måten større plass her enn i romanen.
Framsyninga er velspelt, med eit særs godt samspel mellom Losnegård og Ottersen. Losnegård, som også har ei forteljarrolle, kan eg ikkje hugse å ha sett betre. Også Furseth og Lauvås gjer ein god innsats, der dei stadig vekslar mellom ulike roller, som born og vaksne.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.