Ei Bovary for vår tid
Framsyninga knyter fortid og notid saman på meiningsfullt vis.
Emilia Roosmann spelar madame Bovary, som kjenner seg kvelt i eit keisamt ekteskap. Jonatan Filip spelar ektemannen.
Foto: Sebastian Dalseide
Den Nationale Scene, Store scene
Gustave Flaubert:
Madame Bovary
Omsett av Birger Huse
Dramatisert av Melanie Mederlind og Mari V. Kjelstadli
Regi: Melanie Mederlind
Scenografi og kostyme: Judith Phillipp
Lysdesign: Carina Backman
Det ligg meir enn 150 år mellom Flauberts ikoniske Emma Bovary og vår tid. Korleis kan ein aktualisere denne dama og den «bovarysmen» ho har gitt namn til? Her er det lett å gå seg vill i påfunn og tåpelege innfall. Men Melanie Mederlind og teamet hennar har funne ei løysing som fungerer godt og knyter fortid og notid saman på meiningsfullt vis.
Ved å flytte motehandlar Lheureux, som her er blitt til kvinne – innsmigrande og farleg spela av Kamilla Grønli Hartvig, til vår tid, får denne versjonen fram det evig aktuelle i korleis vi ofte døyver mental smerte med innkjøp av ymse slag: flotte kjolar, vakre smykke, stadig nye møblar. Og det er det sentrale i romanen. For Emma Bovary, som er så full av lengt og draumar, blir nettopp dette løysinga – og ruinen, menneskeleg så vel som økonomisk.
Ironi
Når dette hovudgrepet fungerer så bra, fell dei andre bitane meir eller mindre på plass. Rett nok blir ironien, som går som ei renning gjennom Flauberts tekstvev, til tider gjord litt for tydeleg. Likeins kan det verke som om romanens store alvor stundom blir for lett gjennom regissørens hang til å skape komedie av ei historie som går i retning av tragedien. Især blir dette tydeleg i scenen der det siste håpet hennar, den rike og kyniske Rodolphe (Eirik del Barco Soleglad), avviser Emma på ein lattervekkjande måte ved å «trave» rundt henne. Det kan sjølvsagt tolkast som uttrykk for hans forakt, som sikkert er genuin nok, men her blir det teke altfor langt ut.
Det kan også diskuterast om dramaturgi og regi går for langt i å gjere så mykje av teksten til forteljeteater, der personane så å seie les «scenetilvisingane» ved å fortelje kva dei sjølve eller dei andre gjer/ har gjort eller tenkjer og så bortetter. Men grepet skapar samanheng i framsyninga og gjer at romanens utanforperspektiv blir behalde i veksling med at det mannlege blikket i boka blir erstatta av Emmas perspektiv i sceneversjonen, noko som gir historia større intensitet.
Keisemd
Flauberts roman er full av svært detaljerte skildringar, som knapt lèt seg omsetje til moderne teaterscenografi. I staden har Judith Phillipp utstyrt den så å seie tomme hovudscena med kaskadar av lys, der ein flaum av lyslenkjer både skapar magiske tablå og «lyser opp» den illusjonen Emma aldri vil kunne oppleve som anna enn nettopp det.
Kanskje kunne framsyninga ha vore skoren noko ned, men keisemda er jo eit sentralt poeng i romanen, og skal vere det i teaterversjonen òg. I tillegg er det viktig at dei næraste omgivnadene, det patriarkalske landsbymiljøet, får den plassen det skal ha. For dei småborgarlege trivialitetane er ein viktig del av det Emma heile tida drøymer seg bort frå.
Emilia Roosmann får fint fram både lengten i Emma og viljen hennar til å forføre menn ho trur kan lyfte henne ut av det ho opplever som eit småborgarleg elende. Men den tragiske dimensjonen er ikkje like tydeleg. Jonatan Filip gjer ektemannen til den naive tråkmonsen han skal vere, medan Sissel Ingri Tank-Nielsen syner den klartsjåande og strikse svigermora. Bjørn Willberg Andersens Homais, apotekarsjarlatanen, kunne gjerne vore endå litt sleskare.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er journalist og forfattar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.