Ei udramatisk stjernestund
Så mykje kan ei samtale bety når ho får den rette sceniske framføringa.
Wallace Shawn (Huy Le Vo) (t.v.) og André Gregory (Morten Espeland) samtalar om livet og kunsten over eit måltid.
Foto: Ane Bysheim
Det Vestnorske Teateret
André Gregory
og Wallace Shawn:
Min middag med André
Omsetjing: Ola E. Bø
Regi: Miriam Prestøy Lie
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
To menn ved eit restaurantbord. Eit betre måltid med god drykk og ein samtale om livet og kunsten, som i lange periodar får karakter av monolog. Dette er ikkje oppskrifta på godt teater, men slik stjerneregissøren Louis Malle gjorde det til framifrå filmkunst i My Dinner With André for førti år sidan, gjer Morten Espeland og Huy Le Vo det til minneverdig teater. Og den gode teksten, arbeidd fram av dei to som kanskje spelte seg sjølve i filmen, er slett ikkje blitt mindre relevant i dag.
Genistrek
Dessutan har teatersjef Solrun Toft Iversen gjort ein scenografisk genistrek. Ho har lyfta framsyninga ut av teaterhuset og flytt handlinga til det stiligaste rommet i Bergen by – den ikoniske baren på det freda, nyklassisistiske Grand Hotel Terminus.
Publikum sit ved småbord og blir serverte på om lag same vis som dei to hovudpersonane (men må nøye seg med suppe). Slik blir vi ein organisk del av scenografien. Ekte servitørar forsyner gjestene, medan skodespelar Reidun Melvær Berge ser til at dei to samtalepartnarane får alt dei treng. Og i bakgrunnen syter pianist Helge Lilletvedt for dempa akkompagnement.
Perfekte omgivnader for ein samtale som ikkje berre seier kloke ting om livet og teateret, men som også overtydande syner fram eit hovudtema i samtalen: at vi går gjennom livet medan vi spelar vekslande roller. Men ein ting er å snakke om det og observere det hos andre, noko heilt anna å erkjenne at ein faktisk driv med same rollespelet sjølv.
Djupare meining
André Gregory er teaterregissøren som forlét teateret for å finne ei djupare meining med livet, og har farta kloden rundt, men kanskje gløymt å sjå inn i seg sjølv. Det forklarar truleg kvifor han dei siste 18 åra ikkje har vore i stand til å føle noko. Wallace Shawn er hans gamle kollega, dramatikaren som aldri fekk kjenne den store suksessen og no har nok med å prøve å skrape saman til eit levebrød.
Gregory, suverent tolka av Morten Espeland verbalt og gestisk på stigande rus, er den overlegne, den store ånda, verdsvand, sjølvoppteken og full av dei rette formuleringane og livstrøytte oppfatningane. Lenge dominerer han «samtalen» fullstendig, Shawn får berre høve til å stikke inn ein kommentar, eit lite grynt eller eit spørsmål innimellom for å bryte opp einetalen. Vi får høyre om dei vellukka og mindre vellukka opplevingane hans, kva som er gale med dagens teater, kva som må til for å vekkje folk, gjere dei medvitne om at det berre er roller dei spelar i livet sitt. Alt (eller i alle høve det meste) var visst betre før, no lever vi alle i eit orwellsk mareritt som gjer oss om til robotar.
Omsider motar Shawn seg opp og fortel om sine enkle gleder, som gir meining, og oppmodar vennen til å lene seg tilbake og nyte det livet han har, den «reine» eksistensen. Gregory svarar med å ramse opp rollene han har spela i livet, som far, ektemann osv., før han synest å snakke seg inn i nok ei høgttravande, «åndeleg» rolle. Ideen om å lytte til det han har inni seg, blir visst berre tom tale.
Meir skal ikkje til for å skape framifrå scenekunst – utanfor scenen.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar og journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.