Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Ein klassikar med nye djupner

Ei vakker og teksttru tolking av Tarjei Vesaas’ «folkebok».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rune Storsæther Løding (i midten) spelar hovudrolla som Tusten. Anne Elisabeth Kokkin spelar søstera Hege, og tømmerhoggaren Jørgen vert spelt av Per Bogstad Gulliksen.

Foto: Anne Gundersen

3439
20190222
3439
20190222

Nordland Teater

Tarjei Vesaas:

Fuglane

Dramatisering: Ole Anders Tandberg og Nils Sletta
Omsetjing til nordnorsk: Ragnar Olsen
Regi, scenografi og kostyme: Bård Lie Thorbjørnsen
Musikk: Rolf-Erik Nystrøm
lysdesign: johan haugen

Det er sjeldan vi opplever ein så stilsikker regidebut som Bård Lie Thorbjørnsen leverer med denne versjonen av Vesaas-klassikaren Fuglane. Men så har jo Thorbjørnsen teateret i blodet, den anerkjende scenografen har mellom anna vunne Heddaprisen to gonger for scenografien sin.

Teksttru

Igjen ser vi at teksttruskap ikkje er noko hinder for å skape godt teater. Dramatiseringa er i stor grad gjort med auge og øyre for Vesaas’ roman, og Ragnar Olsen er ein meister i å skape nordnorsk språkbunad. I framsyninga har Thorbjørnsen lagt inn eit svært vellukka grep: Han har knytt til seg Rolf-Erik Nystrøm som komponist og som spelande saksofonist i sjølve framsyninga. Samtidsmusikk og improvisasjon er hans spesiale, og med sine abstrakte, ofte dissonante, tonar skaper han naturlydar og «mentale» bilete. Slik blir musikken eit bindeledd mellom menneskeverda, som hovudpersonen aldri finn seg til rette i, og naturverda, der han kjenner seg meir heime. Saman med Johan Haugens gjennomtenkte lysbruk gir dette framsyninga ein heilt eigen kvalitet.

Mattis, eller Tusten, (Rune Storsæther Løding) er ikkje som dei andre, han er ikkje så «skarp». Han veit det sjølv, men krev respekt for den han er. Søstera Hege (Anne Elisabeth Kokkinn) vil at broren skal gjere nytte for seg, få arbeid på ein gard og bidra til det fattigslege hushaldet. Men «alt vart berre tull».

Då eit rugdetrekk fer over huset, merkar Mattis ei samkjensle med fuglane. Han forstår seg på naturen og trur han kan kommunisere med fuglane, som lover han «uendeleg venskap».

Så set Hege han til ferjemann over vatnet, sjølv om ho veit at det er ingen å ro. Men alt første dagen får han ein passasjer, tømmerhoggaren Jørgen (Per Bogstad Gulliksen), som Mattis bed inn til å overnatte hos dei. Det han ikkje veit, er at han den dagen har ferja over si eiga ulukke.

Nyansert

Framsyninga får godt fram kor isolert Mattis er i ei verd han ikkje fullt skjønar og ikkje finn plass i. Men Rune Storsæther Løding gjer han, både i kroppshaldning og tale, til ein som ikkje heile tida vil la seg dukke, sjølv om han må innsjå kor hjelpelaus han er utan søstera. Kanskje er han nederlagsdømd, men det bur ei kraft i han som strittar imot. Dette gjer Lødings Mattis til ein litt annan skikkelse enn vi er vane med å sjå han som. Og det minner meg på Vesaas’ ord om at Mattis ikkje var tenkt som det ein for seksti år sidan kalla «evneveik», men snarare eit bilete på den søkjande diktaren sjølv, ein fange av draumane og ideane sine. I Thorbjørnsens dvelande regi får Løding rikt høve til å utvikle denne sida av hovudpersonen, og han gjer det på ein framifrå måte.

Også Kokkinn teiknar eit litt annleis bilete av Hege enn vi plar sjå. Rett nok er ho også her ei omsorgsfull søster, men tolmodet er tynnslite, og ho syner lita forståing for brorens frykt for at Jørgen skal ta henne frå han. Samspelet mellom dei to er nyansert og har eit vidt spenn.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I Bård Lie Thorbjørnsens dvelande regi får Rune Storsæther Løding rikt høve til å utvikle hovudpersonen, og han gjer det på ein framifrå måte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis