Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Hauk over hauk

Vaktmesteren er ei framifrå og velspelt framsyning som held på nerven frå byrjing til slutt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kristian Berg Jåtten, Herman Ljung Opedal og Jon Ketil Johnsen i Harold Pinter-stykket.

Foto: Den Nationale Scene

3324
20210205
3324
20210205

Den Nationale Scene, Lille Scene

Harold Pinter:

Vaktmesteren

Omsett av Jens Gundersen
Regi: Carl Kjellgren
Scenografi og kostyme: Ilkka Isaksson

Vaktmesteren (1960) var stykket som gav den seinare nobelprisvinnaren Harold Pinter eit kommersielt gjennombrot som dramatikar. Sjølv om det ikkje er blant hans aller beste, dessutan er i lengste laget og heller ikkje har utvikla den pinterske «trugsmålkomedien» til fullending, syner svenske Carl Kjellgren gjennom sin regi at det er dramatikk av godt merke. Og ein tekst med relevans også for vår tid.

Maktkamp

Stykket utspeler seg i eit trongt, uryddig rom i ein nedsliten bygard i London. Eit London, og England, som står i overgangen mellom etterkrigsnaud og fastlåste klassestrukturar på den eine sida og aukande velstand, materialisme og større personleg fridom på den andre. Universet dramatikaren syner oss, er nokså stussleg og trist, og dei tre personane i stykket synest heller ikkje å ha von om ei lysande framtid – sjølv om dei, kvar på sitt vis, ber på ein liten draum om noko betre.

Den tidvis valdelege og temmeleg kyniske Mick eig bygarden, og bror hans, Aston, bur i rommet der handlinga utspeler seg. Vennlege Aston er sårbar etter elektrosjokkterapi, ei oppleving han skildrar i ein rørande monolog. Han bergar den langt eldre Davies ut av ein slåstkamp og gir han husly for ei stund. Dette blir opptakta til ein maktkamp, eit hauk-over-hauk-spel med skiftande posisjonar og stadige freistnader på manipulasjon frå Davies og Mick. Det handlar ikkje berre om makt, men også om bevare sjølvrespekt og verde.

I sentrum for dette spelet står han som har mest å vinne og lite å tape, omstreifaren Davies. Sjølvoppteken, framandfiendtleg og blotta for empati driv han eit splitt-og-hersk-spel med brørne, men skjønar for seint at han har sin overmann i intrigante og uføreseielege Mick, som berre leikar seg med han.

Nerve

Langt på veg kan framsyninga opplevast som ein serie monologar. For sjølv om Davies og Mick er fulle av ord, som renn ut av dei i strie straumar, er det ikkje så mykje dei kommuniserer. Kvar er oppteken av seg og sitt. Av dette oppstår humor. Inntil framsyninga etter ei tid sluttar å vere morosam, og eit mørkt alvor tek over.

Stykket illustrerer også til fulle noko Pinter sa i nobelforedraget sitt i 2005: «Det er ikkje slik at ting treng å vere enten sant eller usant; ting kan vere både sant og ikkje sant.» Trass i ordrikdommen, som kunne vore kutta noko, syter regi og spel for at vi merkar nerven i framsyninga frå byrjing til slutt.

Det er ei glede å sjå korleis veteranen Jon Ketil Johnsen har utvikla seg dei siste åra. Han markerte seg tydeleg i Lucy Kirkwoods Våre barn for to år sidan. I Vaktmesteren står han fram som den berande skikkelsen, som i gestar, kroppsspråk og replikkføring teiknar eit fasettert bilete av Davies. Kristian Berg Jåttens halvt demoniske og gjennomført manipulerande Mick står godt til denne Davies, og saman speler dei kvarandre gode. Herman Ljung Opedal gjer Aston truverdig, men hans person er frå forfattarens side langt meir anonym. Timinga, som er så viktig hos Pinter, beherskar heile trioen til fulle.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis