Humor i skuggelandskap
Velspelt komedie om kvinnevennskap mot ein dyster bakgrunn.
Linn Løvik, Christine Hope og Reny Gaassand Folgerø i komedien av Peter Quilter.
Foto: Andreas Roksvåg
Det Vestnorske Teateret
Peter Quilter:
Steg for steg
Regi og omsetjing til bokmål (ikkje «norsk» som det står på teaterets heimeside):
Frode Gjerløw
Omsett til nynorsk av Christine Hope
Det spesielle med dette humoristiske kammerspelet er at det er den kvinnelege utgåva av komedien The Hill, som handlar om tre menn. Den engelske dramatikaren har altså skrive to kjønna komediar om nett same tema – tre venner som dreg til fjells for å minnast og ære ein nyss død venn. Det kunne vore interessant å sjå dei to versjonane sett mot kvarandre, så å seie.
Nett denne bakgrunnen med den døde venninna og minna om henne, ligg som ein klangbotn for mykje av det som skjer. Her møter vi tre kvinner i 40–50-åra: Monica (Linn Løvvik), som skal gifte seg – men ikkje er heilt trygg på at ho har valt rett, den lesbiske Silje (Reny Gaassand Folgerø) som er ute av eit forhold og slit med det, og Bodil (Christine Hope), som er meir interessert i kafébesøk enn fjellturar, og som dessutan ber på sjølvmordstankar.
Ulike er dei, men minna om avdøde Rebecca held dei saman. Medan dei strever seg mot toppen, speler dei tre ut mykje av det vi assosierer med vennskap – krangling, omsorg, kjærleik og litt baksnakking. Det er attkjennande (også for ein mann), og Quilter har hylla det heile inn i eit komikkens og humorens skjer, som dei tre godt samspelte aktørane med fin timing veit å ta vel vare på.
Noka regulær latterbombe er ikkje dette, til det er tapet av ei god venninne for nært. Men vi humrar og småler, og får oppleve situasjonar vi kan nikke attkjennande til. Feelgood med skuggar langs kanten.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.