Interaktiv eventyrjakt
Verkemidla er enkle, men effekten blir god.
Kompani Stendahl på Vinterlysfestivalen
Linda Mathisen og Hilde Stensland:
Eventyrmysteriet
Regi: Hilde Stensland
Nok ein gong ser vi at det heilt enkle kan skape godt teater, i dette tilfellet barneteater som også talar til eit vakse publikum. For historia Hilde Stensland og Camilla Johannessen Dahl fortel, er enkel. Men dei to gjer framsyninga morosam, leiken og oppfinnsam.
To omstreifarar kjem vandrande og får lyst til å lese frå ei gammal eventyrbok dei ber med seg. Men så syner det seg at eventyret er forsvunne, sidene i boka er blanke. Eit ekte mysterium, altså. Då dei to gjev seg til å leite etter eventyret, med hjelp frå borna i salen, dukkar det opp igjen, bit for bit, på eit vis som får ungane til å tru at dei er med på å forme eventyret. Det er medskaping og tovegs kommunikasjon på høgt nivå, heilt utan elektroniske hjelpemiddel.
I jakta på forsvunne ord og setningar blir det mykje fysisk teater og grimasar. Særleg Hilde Stensland er god til å skape seg om. Stadig gjer dei feil, stadig må dei korrigere kvarandre, stadig oppstår komiske situasjonar. Og mykje av dette er like morosamt for vaksne som for dei framsyninga er laga for. Også språkleg er framsyninga prega av overskot og ordglede, slik òg gjøglargleda er merkbar den halvtimen dette tar. Fritt for overspel er det ikkje, men her betyr den slags mindre.
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Kompani Stendahl på Vinterlysfestivalen
Linda Mathisen og Hilde Stensland:
Eventyrmysteriet
Regi: Hilde Stensland
Nok ein gong ser vi at det heilt enkle kan skape godt teater, i dette tilfellet barneteater som også talar til eit vakse publikum. For historia Hilde Stensland og Camilla Johannessen Dahl fortel, er enkel. Men dei to gjer framsyninga morosam, leiken og oppfinnsam.
To omstreifarar kjem vandrande og får lyst til å lese frå ei gammal eventyrbok dei ber med seg. Men så syner det seg at eventyret er forsvunne, sidene i boka er blanke. Eit ekte mysterium, altså. Då dei to gjev seg til å leite etter eventyret, med hjelp frå borna i salen, dukkar det opp igjen, bit for bit, på eit vis som får ungane til å tru at dei er med på å forme eventyret. Det er medskaping og tovegs kommunikasjon på høgt nivå, heilt utan elektroniske hjelpemiddel.
I jakta på forsvunne ord og setningar blir det mykje fysisk teater og grimasar. Særleg Hilde Stensland er god til å skape seg om. Stadig gjer dei feil, stadig må dei korrigere kvarandre, stadig oppstår komiske situasjonar. Og mykje av dette er like morosamt for vaksne som for dei framsyninga er laga for. Også språkleg er framsyninga prega av overskot og ordglede, slik òg gjøglargleda er merkbar den halvtimen dette tar. Fritt for overspel er det ikkje, men her betyr den slags mindre.
Jan H. Landro
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.