Kjærleik i kamp
Kim F er eit leikent stykke om ei kvinne med tru på seg sjølv.
Linn Løvvik spelar hovudrolla som Karen-Christine Friele.
Foto: DNS
Teater Innlandet og Den Nationale Scene på DNS
Audny Chris Holsen og Marius Leknes Snekkevåg:
Kim F
Regi: Audny Chris Holsen
Scenografi, foto/videodesign og kostyme: Kristin Bengtson
«Kjærlighet» er ordet som står skrive med lysande bokstavar i scenografien, «kjærlighet» er det siste ordet Kim F seier i framsyninga, og kjærleikens siger er det heilt sentrale temaet i dette nyskrivne stykket. Men det er også historia om eit eksepsjonelt liv, der lesbisk kjærleik og homofil kamp blir vovne saman i ein fin heilskap som mellom anna gir oss ein historieleksjon om ei fortid som ligg underleg nær, og som dessverre framleis har sterk relevans. Framsyninga stoppar opp ved alle dei viktige kampane og viktige sigrane som har gjort Kim Friele til eit ikon, ikkje berre for dei homofile, men òg for menneskeverdet.
Dette stykket fekk ein trong fødsel då dramatikar Toril Solvang for to månader sidan blei pressa ut av prosjektet etter kunstnarleg usemje med regissør Holsen. Så tok Holsen sjølv over, i samarbeid med Marius Leknes Snekkevåg. Men framsyninga ber ikkje preg av å vere eit hastverksprodukt.
Kronologisk
Stykket følgjer Karen Christine Frieles liv kronologisk, men gjer det i kjappe scenar utan å dvele for lenge ved noko av alt det som pregar dette livsløpet. I korte glimt blir vi kjende med hovudpersonen, frå ho som lita kyssar ei anna jente på munnen og blir formana om at slikt gjer ein ikkje. Det er ei opprørsk og rettferdssøkjande, ung kvinne som i Linn Løvviks skikkelse står fram på scenen. Ei kvinne med klare meiningar og mot til å seie det ho meiner, same kva.
Om Kim F på noko tidspunkt var i tvil om si eiga legning og kva som var rett å gjere, har ikkje det plass i denne framsyninga. Kanskje tvilte ho heller ikkje (sjølv om ho først gifta seg med ein mann), for alt tidleg gir ho slagferdig og uredd uttrykk for haldningar som ein helst skulle teie om. Som at det burde vere straffbart å ikkje ha sex før ekteskapet. Og ho kunne vere grov og direkte i karakteristikkane av andre. Etter det første møtet kalla ho stortingsrepresentant Wenche Lowzow (Anna Dworak), som blei den store kjærleiken hennar, for eit reaksjonært, motbydeleg kvinnfolk.
Enkle, talande scener
Det finaste ved ei god framsyning er korleis kjærleikshistoria og kampen mot fordommar, trugsmål og direkte fysisk motstand blir kopla i enkle, talande scenar. Haugesundaren Linn Løvvik i tittelrolla har tydelegvis gjort mykje for å finne Kim Frieles friske tone, og lykkast godt med det. Både i framferd og uttrykk har ho funne fram til noko attkjennande i Kim Friele-skikkelsen. Men bergensdialekten hennar blir skeivare og skeivare utetter i framsyninga. For bergenske øyre, sjølv for strileøyro mine, verka det forstyrrande.
Anna Dworak får fint fram kva som skil, men også kva som sameinar dei to kvinnene, som med åra blei kjærastparet framfor alle andre i den homofile rørsla. Ho held seg lenge «i skapet», men melder seg så i protest ut av den diskriminerande statskyrkja. Friele vil ha henne til å stå fram, men ikkje noko får øydeleggje eit vakkert, reint kjærleiksforhold. Kring dei syter trioen Kristian Berg Jåtten, Steffen Mulder og Håkon Moe for det som trengst av mot- og medspelarar, heile tida inn og ut av ulike roller.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er journalist og forfattar og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.