Kjærleik på livets skuggeside
Mykje er bra, men sceneversjonen av
Andvake-trilogien er ujamn.
Sceneversjonen følgjer Fosse-trilogien tett.
Foto: David Zadig
Hordaland Teater
Jon Fosse:
Andvake
Sceneversjon og regi:
Torkil Sandsund
Scenografi og kostyme:
Dordi Strøm
Musikk: Trio Mædieval, Erlend Apneseth m.fl.
Lysdesign: Arne Kambestad
I staden for å dramatisere dei tre forteljingane i Jons Fosses Andvake-trilogi har Torkil Sandsund laga ei scenisk attforteljing som syner stor truskap mot teksten og ikkje gir rom for dristige sprell. Fosses handling og det enkle, gammalmodige, men poetiske språket er bevart. Dermed blir dette ikkje så mykje ei sjølvstendig tolking.
Denne versjonen følgjer trilogien tett, også dei kronologiske spranga som originalteksten er rik på, oftast utløyste av draumar eller assosiasjonar. Fleire forteljarar bind saman scenene, og dette fungerer godt, men somme brå overgangar er ikkje så enkle å «ta» om ein ikkje kjenner bøkene.
Krevjande overgangar
Handlinga i Andvake (= søvnlaus) legg premissane for det som skjer i dei to andre forteljingane. Sjølv om det ikkje er tale om direkte framhald, er samanhengen i trilogien klar. Likevel er ikkje atmosfæren i dei tre binda identisk. Der Andvake har sterkt preg av legende, noko samspelet mellom lys, scenografi og musikk til tider får nydeleg fram i talande, Odd Nerdrum-inspirerte tablå, finst det meir realisme i Olavs draumar, medan Kveldsvævd igjen ligg nærare legenda. Å få til desse overgangane er krevjande, og her synest eg ikkje regien heilt har lukkast.
Utgangspunktet er tenåringane Asle og Alida, som bryt opp frå ei lita bygd i Ytre Sogn og dreg til Bjørgvin i ei ubestemmeleg tid, kanskje i mellomalderen, fint teikna opp med verknadsfull bruk av lys, videoprojeksjon, enkle kostyme og enkle rekvisittar. Dei kjenner seg uvelkomne der dei bur, men for å få pengar og båt til å komme seg vekk gjer Asle to fatale brotsverk. Vi berre anar kva som har gått føre seg, men i Olavs draumar får vi visse. Og Kveldsvævd (= trøytt om kvelden) fortel korleis Alida må klare seg etter at Asle har fått dødsstraff. Han lever likevel vidare i henne og samtaler med henne i kritiske stunder. Slik viser framsyninga, som trilogien sjølv, ein djupare samanheng i tilværet, med klare religiøse undertonar.
Kva veit Alida om handlingane til kjærasten? Kva burde ho skjøne? Slike spørsmål er ikkje relevante; for desse to tel berre eitt – kjærleiken. Ein kjærleik som blindt gjer alle hindringar til inkjes, same kva. For den ofrar dei – i alle høve Asle – samvit og moral. I byen er det ingen som vil gi husrom til ungguten og den høggravide kjærasten hans, men Asle ordnar opp slik han alt har gjort før. Ikkje heilt i tråd med juleevangeliet, som den første forteljinga har mange ekko frå.
Brutal livskraft
I denne oppsetjinga er lagarbeidet og samspelet viktigare enn dei individuelle prestasjonane, for hovudsaka er ikkje psykologisk djupneboring, men menneskelege relasjonar, personane er heller ikkje i særleg grad individualiserte. Her dreier det seg om brutal livskraft i ein eksistenskamp under vonde vilkår, ei verd der draum og vake går over i kvarandre, slik også liv og død gjer det. I denne visuelt tidvis imponerande framsyninga er det likevel eit par aktørar som stikk seg fram med fint, nyansert spel: Ragnhild Gudbrandsen i fleire roller og Anne Wiig som Alida. Som eit band mellom generasjonane står musikk sentralt i stykket, og felespelar Erlend Apneseth lyftar heilskapen.
Framsyninga kunne stundom vore meir antydande og mindre direkte. Eit forstyrrande element er måten Magne Håvard Brekke gir liv til eit halvt dusin karakterar på, med overspel, roping, skriking og patosfylt replikkføring. Fleire av dei blir karikaturar, som bryt radikalt med spelestilen. Kan dette verkeleg vere vilja frå regissørens side?
Jan H. Landro
Jan H. Landro er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I denne visuelt tidvis imponerande framsyninga er det likevel eit par aktørar som stikk seg fram med fint, nyansert spel: Ragnhild Gudbrandsen i fleire roller og Anne Wiig som Alida.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.