Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Kven har makt over kven?

Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.

Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret

3418
20241206
3418
20241206

Det Norske
Teatret, Scene 3

Marius von Mayenburg:

Ellen Babic

Omsetjar: Astrid Sverresdotter Dypvik
Regi: Peer Perez Øian
Kostyme: Maria Lødemel

Tyske Marius von Mayenburg er ein dramatikar av det klassiske slaget, som i tradisjonen frå Ibsen avdekkjer fortida for så – ulikt Ibsen – å spele ut handlinga lag på lag, slik at vi lenge må vere usikre på kven som eigentleg skal «takast».

I tilfellet Ellen Babic, som er det nyaste stykket hans, går det lenge bra – inntil «aktor» på mindre overtydande vis brått bryt saman og syner sitt sanne eg. Men dramatikaren har endå eit kort på handa og lyfter på eit vis stykket igjen. Då står ikkje så mange vakre fasadar att.

«Stykket er litt for ordrikt, men det set tankar i gang, tvingar deg til å sjå innover.»

Psykologisk avkleding

Ellen Babic er eit dialogdrive kammerspel for tre personar; den røynde gymnaslæraren Astrid (Kirsti Refseth), den mykje yngre sambuaren og tidlegare eleven hennar, Klara (Marie Blokhus, som ikkje er ung nok for rolla), og Astrids sjef, rektor Wolfram (Gard Skagestad).

Det handlar om makt og løgn, sjølvbedrag og manipulasjon, og eg kjenner meg ikkje trygg på at vi har fått sanninga då framsyninga er ferdig etter nærmare to timar.

Det er heilt greitt, og ingen veikskap ved teksten, for kven kjenner sanninga når det kjem til stykket? Og finst det éi sanning?

Mykje handlar om etikk, og sjølve utgangspunktet er i seg sjølv etisk problematisk: Ein fredags kveld har rektor invitert seg heim til Astrid for å drøfte ei klage som er kommen på henne frå ein elev. På ein klassetur skal ho ha oppført seg erotisk utfordrande mot Ellen Babic. Kan dette vere rett, og ligg det eit mønster i handlingane hennar? Denne mistanken blir utgangspunkt for skuldingar, som borer djupare og djupare i både Astrid og rektor – og etter kvart også i Klara. Vi blir vitne til ei psykologisk avkleding som når sitt klimaks idet rektor bryt saman og står på alle vis bukselaus attende.

Dette kjem litt for brått og verkar ikkje heilt overtydande. Men heldigvis har Mayenburg meir på lager og vender spelet til det endelege spørsmålet om kva som er sanning, kva som er illusjon, kva vi sjølv kan vete ligg til grunn for det vi sjølv seier og gjer. For Klara især kjem dette som ei brutal oppvakning. Kven manipulerer kven? Kor mykje er medvite?

Set tankar i gang

Stykket er litt for ordrikt, men det set tankar i gang, tvingar deg til å sjå innover. Då er ikkje teaterkvelden bortkasta.

I tillegg er dette maskespelet av ei framsyning svært velspelt. Kirsti Refseths Astrid verkar kontrollerande og rik på kulturell kapital, men også djupt sårbar når skuldingane går på noko av det inste i henne. Marie Blokhus gjer det beste ut av ei rolle ho kanskje ikkje skulle hatt. Det er noko i spelet hennar som får meg til å tru at ho er, eller kjenner seg, tvungen til å agere yngre enn ho er. Ungjentekleda er ikkje nok.

Gard Skagestad er den tilsynelatande sjølvtrygge, som i kraft av sin posisjon heile tida kjenner seg overlegen og i angrepsposisjon – inntil han brått ikkje er det lenger, men blottlegg kor ynkeleg han eigentleg er.

Men var det nødvendig å plassere publikum på alle fire sider? Eg skulle så gjerne sett heile dette dramaet spele seg ut for augo mine.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis