Lagnader i ei aidstid
Sterkt og velspelt teater om livet på grensa mot døden.
Gaute Adela Aastorp Cudjoe som pleiaren og Sverre Breivik som Prior.
Foto: Den Nationale Scene
Den Nationale Scene, Teaterkjelleren
Tony Kushner:
Engler i Amerika
Omsett av Svein Sturla
Hungnes
Omarbeiding: Morten
Borgersen og Terje Lindberg
Regi: Morten Borgersen
Scenografi/kostyme: Milja Salovaara
Engler i Amerika er eit mektig stykke som sjølv i sterkt nedkorta versjon grip tak i deg og tvingar deg til å sjå ein røyndom som for knappe førti år sidan var ei gåte, og som bidrog til å auke dei alt sterke fordommane mot homofile. I Morten Borgersens stramme regi (ja, drygt fire timar medrekna pause er absolutt ikkje meir enn det må vere) stig eit New York i Ronald Reagans tid anno 1985–1986 fram med berarar av den unemnelege aidssjukdommen, og somme av dei friske som også blir råka – fordi dei elskar.
I sentrum for handlinga står to svært ulike par: den aidssjuke Prior Walter (Sverre Breivik) og kjærasten hans, jødiske Louis (Kristian Berg Jåtten), som ikkje orkar presset og forlèt Prior. Og så mormonarekteparet Joe og Harper Pitt (Kristoffer Sagmo Aalberg og Kamilla Grønli Hartvig). Ho er eit pillevrak, han vil ikkje innsjå at han er homofil, men oppsøkjer etter kvart homsemiljøet og gir seg over til legninga si. Etter kvart blir desse personane i nokon grad vovne inn i kvarandre.
Ein sann satan
På utsida, men sentralt nok, finn vi den kyniske advokaten Roy Cohn (Per Egil Aske), ein sann satan, sann også i den meining at han er ein historisk person som var rådgivar for kommunistjegeren Joseph McCarthy på 1950-talet og langt seinare for Donald Trump. Han er homse og har aids, men nektar for begge delar.
Og så har vi gjengangaren Ethel Rosenberg, som den ekte Cohn fekk dømd til døden for spionasje kort etter krigen, og som her kjem tilbake og minner den politiske edderkoppen på misgjerningane hans. I dette spelet om sjukdom og død, seksualitet, religion og politikk, blandar også ein engel (Reny M.G. Folgerø) seg inn. Ho kjem for å få Prior til å skjøne at han er ein profet og har eit viktig oppdrag.
I Milja Salovaaras stilreine, nakne scenografi, nesten steril om det ikkje var for flengja i veggen som engelen kjem og forsvinn gjennom, speler desse lagnadene seg ut, også med uventa innslag av dans og song (som vi kunne klart oss utan). Opninga kan verke kaotisk, men gradvis fell bitane på plass, og framsyninga vinn energi. Røyndom og hallusinasjon blir presenterte med same truverde og same «realisme». Ei historie som kunne vore dyster tvers igjennom, blir boren oppe av ein humanisme og element av kjærleik trass i alt, og ei gjensidig forståing på tvers av religion og kjønn som gjer at dette aldri får bli så svart som det kunne blitt. Sjølv på det mørkaste aner vi ei kjensle av fellesskap og omsorg – også med ei adresse til dagens miljøkamp.
God laginnsats
Engler i Amerika er stort tenkt og overtydande gjennomført (sjølv om eg somme tider synest å merke noko utvendig i spelet). Dette er laginnsats på godt nivå, der likevel Per Egil Aske skil seg ut med sitt nyanserte portrett av Roy Cohn, klynkande i dødsangst, dominerande og manipulerande som maktperson, engsteleg for at omverda skal få vite kva han lir av, avhengig når døden trugar.
Som pleiaren hans balanserer Gaute Adela Aastorp Cudjoe fint mellom sinne, hetsa som han blir for hudfargen sin, og den omsorga jobben hans krev. Han syter òg for noko av humoren. Sverre Breivik blir litt anonym som Prior, medan både Aalberg og Hartvig fint får fram høvesvis kampen med eiga legning og desperasjonen over å ikkje kjenne seg elska.
Framsyninga nyttar kjend og mindre kjend musikk, og som vanleg er i norsk teater, ser ein ingen grunn til å opplyse i program eller på nett kva dette er, og kven som har skapt han.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar og journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Engler i Amerika er stort tenkt og overtydande gjennomført.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.