Leikent frå kvinneuniverset
God tekst og fint samspel viser kva det vil seie å vere kvinne i verda.
Dei fire skodespelarane fyller 16 roller med fin timing, skriv Jan H. Landro.
Foto: Espen Nyttingnes
Teater Vestland i Åsane Kulturhus
Lene Therese Teigen:
Mødrevariasjonar
Musikk: Tov Ramstad
Regi: Lene Therese Teigen
Scenografi og kostyme: Christine Lohre
I ein alvorsmunter leik gir dette nyskrivne stykket både god underhaldning og mat for tanken. På knappe to timar tek Mødrevariasjonar, som på turné i Vestland til og med 18. mars, oss gjennom svangerskap, fødsel, barsel, amming, moderskap og eit tidsspenn på ti år. Også abort og skilsmisse. Her er mangt sjølv ein mann kan kjenne att, og her er hevdvunne klisjear som framleis synest ha noko for seg.
Fire skodespelarar deler på 16 roller. Forutan å spele fire førstegongsfødande, gir kvar av dei liv til tre andre kvinner i den næraste krinsen – mødrer, tanter, systrer, bestemødrer. Det er 30 år gamle Kristine (Oda Alisøy) med ambisjonar om å bli ei god mor, 19 år gamle Sara (Carina Furseth) utan barnefar, 38 år gamle Ingrid (Idun Losnegård), odelsjente og akademikar, og 43 år gamle Marianne (Katrine Lunde Mackenzie), lesbisk psykolog som ventar prøverøyrsunge. Fire hovudpersonar og fire lagnader som utviklar seg i ulike retningar, somme ganske annleis enn ein i utgangspunktet skulle tru. Scenografien med rampar i ulike storleikar skal både symbolisere vestlandsnaturen og «bakke opp og bakke ned»-tilværet livet som ung mor byr på.
I byrjinga er det forvirrande med alle desse personane, men gradvis fell vi inn i det. Framsyninga er eit kollektivt prosjekt med godt samspel og fin taiming. Likevel er det grunn til å framheve Idun Losnegård som stødig både som førstegongsmor og som den innpåslitne mora til Kristin. Likeins gjer det inntrykk å sjå Katrine Lunde Mackenzie som ei mentalt skadd kvinne etter ein fødselstragedie.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.