Så er også Agatha Christie blitt opera
Godt spel og gode songkrefter pregar Christie-klassikaren.
Framsyninga er eit samarbeid mellom Haugesund Teater og Haugesund Kammeropera.
Foto: Haugesund Teater
Haugesund Teater og Haugesund Kammeropera
Agatha Christie:
And Then There Were None
Omsetjing og musikk: Mathias Halvorsen
Regi: Morten Joachim Henriksen
Kostyme: Lene Rudbæk
Dette er Christie-klassikaren som endra tittel to gonger utan at ein moderne sensitivitetslesar hadde vore borti han. Frå Ten Little Niggers via Ten Little Indians til dagens tittel. Og i Haugesund får vi den svært alvorlege og dødelege historia som kombinert kammeropera og krimfarse. Det fungerer fint, det òg – sjølv om Dame Agatha kanskje ikkje ville godkjent avslutninga.
Lite rom
Det skal vere første gong nokon har sett musikk til ein Agatha Christie-roman, og haugesundaren Mathias Halvorsen har komme vel frå oppgåva. Tonane hans gir djupn til handlinga samstundes som dei i nokon mon maktar å karakterisere dei mange personane i stykket.
Desse mange blir stundom eit problem. For teaterscenen er av det tronge slaget, og for aktørane blir det lite rom å røre seg på, men med smidigheit går det òg. Ein opera krev også eit orkester; her består det av komponist og pianist Mathias Halvorsen og kontrabassist Nikolai Matthews, som også har fått ei rolle som gjer at han tidleg i framsyninga kan dra på seg likskjorta og konsentrere seg om musiseringa. Saman syter dei to for samanheng og framdrift.
Dette er historia om ti personar – alle med ei løynd fortid – som er innbedne til å møtast på ei øy. Ingen av dei veit kven verten er, og han får dei heller ikkje treffe – sjølv om han på ymse vis treffer dei. I tråd med det gamle barneverset om dei ti små (i denne versjonen soldatane) som drog ut i det fri og blei stadig færre, blir ein etter ein av gjestane drepne. Uhygga stig, angsten likeins, og etter kvart kastar dei mistanken mot kvarandre på klassisk krimvis. Alle gjestene skal døy. I alle høve om ein slavisk følgjer Agatha Christies oppskrift. Men heilt slik går det ikkje her.
Gode prestasjonar
Ei effektiv blanding av lokale og innleigde krefter, skodespelarar, songarar og musikarar leverer gode prestasjonar og fint samspel. Framifrå songarar er henta inn, som barytonen Jørgen Backer og sopranen Mathilde Salmi Marjavara, likeins operaveteranen Kjell Magnus Sandve (frå Karmøy) og musikalspesialisten Andre Søfteland (frå Odda). Alle veit også korleis dei skal føre seg på ein scene.
Samtidsopera kan vere tung og trist, drap er heller ikkje spesielt muntert. Men her har regissøren invitert til rikeleg overspel og oversong (om eit slikt omgrep finst), så ingen skal vere i tvil om at dette er like mykje farse og komedie som seriøs operadramatikk. Og med Ane Skumsvoll på rollelista ligg komikken aldri langt unna. Maskert og kledd som sjølvaste Dame Agatha går ho kring med legeveske og eit blikk som kan både more og myrde.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.