JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Menneskerettar og indre sjølvstyre

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tidlegare folketingspresident Pia Kjærsgaard ville ikkje at Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg kunne setja danske lovvedtak ut av kraft.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

3099
20210716
3099
20210716

Denne månaden brende danskane seg enda ein gong på det vanskelege spørsmålet om Den europeiske menneskerettsdomstolen og korleis maktfordelinga skal vera mellom denne institusjonen og dei danske styresmaktene.

Menneskerettsdomstolen, som har sete i Strasbourg, ville setja ut av kraft eit vedtak om at ein syrisk flyktning som har hatt opphaldsløyve i Danmark i fleire år, ikkje skal ha rett til å få kona si til landet. I vedtaket gjekk domstolen mot danskane med 16 røyster mot 1, altså eit temmeleg klårt fleirtal. Danskane har med stor flid og energi stramma inn på desse reglane gjennom dei siste åra, og dei viser stadig til behovet for innvandringsskjerpande eller innvandringsregulerande tiltak.

Dette har vore ei glidande utvikling. Under press frå Dansk Folkeparti (DF) har både sosialdemokratiske regjeringar og regjeringar under leiing av det danske Venstrepartiet kjøpt seg støtte frå DF ved å gå med på fleire og fleire av desse innstrammingane. I strid med det dei fleste hadde venta, tyder meiningsmålingane på at dette slett ikkje har vore god butikk for DF. Det har vore lita hjelp i at DF har vore svært så jomfrunalske i motstanden mot å gå med i regjeringssamarbeid, eller som dei seier: «Vi lèt oss ikkje freista av ministerbilar. Det er ikkje statsrådspostar vi er ute etter.»

Denne gongen kom den skarpaste kritikken frå den tidlegare leiaren av Dansk Folkeparti, Pia Kjærsgaard, som i 2019 avslutta ein fire år lang periode som folketingspresident.

– Vi skal ikkje ha det slik her i landet at menneskerettsdomstolen i Strasbourg kan setja danske lovvedtak ut av kraft, sa ho.

Fleire i andre parti er samde med henne. Men slik har verda endra seg at det internasjonale samarbeidet, ikkje minst i flyktningspørsmål, fører med seg at instansar som menneskerettsdomstolen kan gripa inn mot interne lovvedtak i medlemslanda.

I Noreg er paragraf 90 i Grunnlova sett ut av kraft, jamvel om sjølve paragrafen ikkje er fjerna. Så framleis står det at «høgsterettsavgjerder er endelege og ikkje kan ankast» – men endelege er dei ikkje, og ankast kan dei altså, dersom menneskerettsdomstolen i Strasbourg vel å overprøva Høgsterett.

I den seinaste danske saka no i juli har den syriske ektefellen som fekk medhald med 16 mot 1 røyst, alt fått opphaldsløyve, og ho bur no i Danmark. Ekteparet er dessutan tilkjent erstatning på vel 75.000 danske kroner fordi menneskerettane deira vart krenkte i fleire år, i strid med det som no altså er gjeldande dansk lov.

Den vidare utviklinga i denne saka er uviss. Regjeringa i København vart åtvara mot å gjennomføra den planlagde lovendringa, og i eit par andre liknande saker hadde menneskerettsdomstolen signalisert at utfallet kunne verta slik vi no fekk sjå. Frå statsministeren og nedover har dei teke nederlaget med fatning og mobilisert skarpskodde juristar med sikte på å finna ein ny lovtekst. Det er ingen risikabel spådom at dette kjem til å ta tid.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ekteparet er dessutan tilkjent erstatning på vel 75.000 danske kroner fordi menneskerettane deira vart krenkte i fleire år.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis