🎧 Symfonisk konsert
Det Daniel Lozakovich manglar av tyngd, kompenserer han gjennom sjarm.
Den svenske fiolinisten Daniel Lozakovich (fødd 2001).
Foto: DG
Lytt til artikkelen:
Klassisk
Ludwig van Beethoven:
Violin Concerto
Daniel Lozakovich, fiolin; Münchner Philharmoniker; dir.: Valery Gergiev. Deutsche Grammophon 2020
På Beethovens tid var festkonsertane like lange og mangslungne som festmåltida, med uvande kombinasjonar av musikalske rettar i for oss overraskande rekkjefylgje. Tunge program blei gjerne løyste opp gjennom musikalske sirkusnummer, særleg om ein kjend virtuos var til stades.
Og det var det i Theater an der Wien veslejulaftan 1806, under den velgjerande konserten som plakaten kunngjorde skulle vera «til fordel for Franz Clement». Ludwig van Beethovens (1770–1827) gode ven Clement var mellom Wiens største fiolinistar. Ved sida av storverk av Händel, Mozart og Cherubini skulle han «spela ein heil sonate på éin streng medan han heldt fiolinen opp ned.»
Apestrekar
Me veit ikkje om det var ablegøyene til Clement eller urframføringa av Beethovens Konsert for fiolin og orkester i D-dur, op 61, som gjorde mest inntrykk på den jamne wienar denne kvelden. Wiener-Zeitung skreiv i alle høve at «den fortreffelege fiolinspelaren Clement spelte ein fiolinkonsert av Beethhofen [sic.], som på grunn av originaliteten sin og dei mangfaldige fine partia blei teken imot med applaus». Men kritikaren var kritisk til apestrekane Clement «nedverdiga seg til for å gleda pøbelen», og når det galdt Beethoven-konserten, fann han «somme usamanhengande passasjar og uendelege gjentakingar av middels interessante stadar som kan verka trøyttande». Ja, om Beethoven heldt fram med å komponera på denne måten, var det fare for at framtidas publikum ville koma til å «forlata konsertsalen med ei ubehageleg kjensle av utmatting».
Det skulle ta mest 40 år før Beethovens einaste fiolinkonsert, der solisten og orkesteret på skilsetjande måte tevlar på like fot, fekk sitt verkelege gjennombrot. Det hende då det 12-årige vedunderbarnet Joseph Joachim framførte han i England under leiing av Felix Mendelssohn-Bartholdy i 1844.
Fire paukeslag
Vedunderbarn må òg Daniel Lozakovich ha vore. Denne svenske fiolinisten var nemleg berre eitt år eldre enn Joachim då han framførte stykket fyrste gongen. Liveinnspelinga nittenåringen no gjev ut med Münchner Philharmoniker, som blir dirigert av russaren Valery Gergiev, manglar kan hende noko av tyngda som me kjenner frå andre gode innspelingar. Men det utøvaren vantar av mogen kraft, kompenserer han gjennom sjarm og eleganse, særleg i den skifterike sistesatsen «Rondo (Allegro)».
Orkesteret spelar ei viktig rolle i «symfoniske» konsertar som dette. Münchner Philharmoniker syner seg grunnsolide alt frå dei karakteristiske fire paukeslaga som innleiar det lyriske hovudtemaet i fyrstesatsen «Allegro ma non troppo». Spesielt imponerande er måten Gergiev her greier å byggja opp spenninga dei tre minutta fram til «hovudpersonen» Lozakovich trer inn på scena.
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trump meiner alvor med Grønland
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.
Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.
Foto: David Goldman / Ap / NTB
Ein inspirerande arv
Jimmy Carter fekk eit etterliv som menneskerettsaktivist og siviliserande moralpolitikar som ingen annan president i USA.
Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Foto: United International Pictures
Goth nyttår, folkens!
Kor skummelt kan det eigentleg bli når ein ikkje lenger trur på det overnaturlege?