Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Ta på meg

Debutalbumet til Ya Tseen er eklektisk, men fokusert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nicholas Galanin er mannen bak artistnamnet Ya Tseen.

Pressefoto

2540
20210507
2540
20210507

Pop

Ya Tseen:

Indian Yard

SubPop /
Playground

«I need your hands on me», heiter det i «Close the Distance», ein sensuell, mjuk poplåt som miksar R&B og element av soul og får nokre ekstra klangbotnar i pandemiens tid.

Sporet kjem midtvegs på albumet Indian Yard, som er første utgivinga frå Ya Tseen.

Politisk orientert

Bak namnet Ya Tseen står Nicholas Galanin, ein markant politisk orientert samtidskunstnar oppteken av verknadene av kolonialismens og kapitalismens herjingar, eit engasjement prega av eiga etnisk tilhøyrsle.

Galanin er fødd i Sitka i delstaten Alaska, der han også bur, og er av urfolksopphav (tlingit og unangax), og han har fått merksemd for måten den aktivistiske tilnærminga hans kjem fram på i ei heil rekkje uttrykk, mellom dei skulptur, video, installasjon og fotografi. Artistnamnet signaliserer livskraft og har bakgrunn i namnet hans på tlingit: Yeil Ya Tseen.

Indian Yard tilfører den rike og breie kunstnarlege aktiviteten fleire nye lag og står i slektskap med tidlegare prosjekt, men representerer også sjølvsagt noko heilt nytt. Sjølv om albumet er debuten for Ya Tseen, har Galanin gitt ut ein god del musikk tidlegare, under alias som Silver Jackson og Indian Agent, og han har samarbeidd med artistar som Meshell Ndegeocello, Tanya Tagaq og Samantha Crain.

Samarbeid

Også Indian Yard ber preg av nett samarbeid, for her dukkar Shabazz Palaces, Nick Hakim og Qacung opp, noko som har gitt plata eit skiftande og variert uttrykk.

Og på opningssporet «Knives» får han selskap av Portugal The Man, som er for rockestjerner å rekne i Alaska, i ein låt som har meir enn litt hitpotensial – ein kjærleikssong om lidenskap og risiko der ikkje minst vokalist John Baldwin Gourley finn seg godt til rette.

Eklektisk

Med element av silkemjuk pop og spiss hiphop er Indian Yard eklektisk, men likevel fokusert, i kraft av både eit tydeleg sosiopolitisk medvit og tematisering av det mellommenneskelege.

I eit intervju med The Guardian fortalde Galanin at han hadde sett ein dokumentarfilm om covidpasientar der det kom fram kor desperat dei lengta etter den nærleiken som kjem ved at vi faktisk trygt kan røre ved kvarandre, leggje hender på kvarandre. Vi er sosiale vesen, fastslo Galanin, og det er han ikkje den første som har sagt det siste året, men med ein song som «Close the Distance» får han sagt det på ein annan måte, ein måte som treffer rett i mellomgolvet.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis