Alkoholen - ein bagatellisert #MeToo-faktor?
#METOO
Det har vore ei sjokkerande oppleving i haust å følgje #MeToo-kampanjen, både internasjonalt og nasjonalt. Etter eit langt yrkes- og organisasjonsliv er ein sjølvsagt kjent både med det store innslaget av maktbruk og maskuline hersketeknikkar på arbeidsplassar og i enkelte organisasjonar. Men det sterke innslaget av sex og sexpress har ikkje vore framtredande i dei delane av arbeids- og organisasjonslivet eg har kjennskap til.
Men så er det da ikkje skoleverket eller edruskapsrørsla som er mest trekt fram i kampanjen, men media og litteratur, teater og film, enkelte parti og organisasjonar, og hotell- og restaurantbransjen. I stor grad dreier det seg om arbeidsplassar og organisasjonar som er kjende for liberal omgang med rusmiddel, både på og utanfor arbeidsplassen – eller det dreier seg om situasjonar og markeringar der alkoholen gjerne har ein sentral plass, til dømes på personalseminar, julebord og jubileumsmarkeringar.
Mange organisasjonar og bedrifter har laga seg interne retningsliner, mellom anna om rusmiddelbruken, slik også AKAN (arbeidslivets komité mot alkoholisme og narkomani) har tilrådd. Slike retningsliner verkar avklarande og konstruktivt når det gjeld å synleggjere kva slags språkbruk og oppførsel som er akseptabel på ein arbeidsplass og mellom tilsette. Mange synest no å ha tru på svært spesifikke retningsliner, om til dømes åtferd og samtykke, i samband med seksuelle handlingar. Men vi veit til dømes at folk flest – når dei er edru – er klare over at bilkøyring i fylla korkje er lurt eller lovleg. Likevel skjer det altfor ofte, når vurderingssansen er redusert. Likeeins vil eg tru at folk flest godt veit kva som er akseptabel språkbruk og akseptabel oppførsel mellom menn og kvinner på ein arbeidsplass og i samfunnet, så lenge dei er nokolunde edru og tilreknelege.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.