JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ansvar for eige forsvar

«Russland som eit mafia- og oligarkregime er ein karakteristikk som står seg godt. Men eg gløymde kleptokratisk.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2964
20240816
2964
20240816

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Alliansar

Tettare samarbeid med Nato og USA eller «eit godt forhold til vårt store nabo i aust». Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF) går for det siste.

Eg argumenterte i Dag og Tid nr. 28–30 for at dette ikkje er ein farbar veg slik Putin ter seg, og at Finland og Sverige har valt å gå motsett veg. Ein fordomsfull ordstraum om kor dumme dei (dvs. IKFF-skribentane) er, kallar Egil Astad dette i Dag og Tid nr. 32. Dumme har eg ikkje sagt dei er, og han lirar av seg sin eigen fordomsfulle og usaklege ordstraum. Eg skreiv at det uansett ikkje gav meining å gøyma atomvåpen i dei utpeika områda, som innsendarane var redde for, sidan poenget med atomvåpen er avskrekking (og løynde atomvåpen skremmer ingen). Det er Astad som les at argumentasjonen deira er dum, eg skreiv ikkje det. Det må vel gå an å imøtegå ein påstand med argument utan å bli skulda å seia at motparten er dum.

Avtalen som var utgangspunktet for IKFF-skribentane går ut på at USA vil få tilgang til utpeika område i ein krisesituasjon. Det er ikkje såleis basar det er snakk om, slik Astad skriv. Dette er ein del av Nato-samarbeidet, og Sverige og Finland har tilsvarande avtalar. Perfekte allierte finst ikkje, men for landa i Europa har det vore ein stor fordel å ha hatt USA som alliert etter Sovjet-kuppet i Tsjekkoslovakia i 1949. Men Europa burde ha tatt større ansvar for eige forsvar, ikkje overlate så mykje til USA. Det vil likevel ta lang tid å endra på dette, og i mellomtida må ein ordna seg så godt ein kan.

Råskap på begge sider, skriv Astad om Ukraina. Dette avslører kor han står. «There’s blame on both sides», som Donald Trump sa etter Charlottesville. Det er nå Russland som er angriparen, og så har Ukraina valt å forsvara seg! Men ifølgje Astad sin eigen «ordstraum» er visst krigen noko USA har funne på.

Russland som eit mafia- og oligarkregime er ein karakteristikk som står seg godt. Men eg gløymde kleptokratisk. Om drap i utlandet: Putin kunne nettopp ønskja velkommen heim ein av drapsmennene, FSB-offiseren Vadim Krasikov som var dømd til livstid for eit drap på ein opposisjonell i Tyskland, i lag med andre FSB-folk, i byte med russiske opposisjonelle og gislar. I 2018 prøvde dei å drepa Sergej Skripal og dottera i England med russisk nervegift, dei overlevde, men ei engelsk kvinne døydde av gifta. Skripal var del av ei tidlegare fangeutveksling. Putin vil ha både i pose og sekk.

Tidlegare Putin-avløysar Dmitrij Medvedev har seinare mint dei som blei utveksla til Vesten i år, om kor kort eksistensen deira i verda er (NTB 8. august). Ein ekte mafia-kommentar, spør du meg. Poenget mitt var at ein ikkje kan ha eit normalt tilhøve til eit slikt regime. Den russiske dama som for litt sidan lærte han at ein dårleg fred er betre enn ein god krig, kan heller fortelja dette til Putin.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis