Blå berekraft her og no
Miljø
Framtidig forvaltning av våre hav handlar om korleis vi tek godt nok vare på dei. For oss som driv med sjømat, er framtidas drift ein del av klimaløysingane. Vi kallar det heile eit blått taktskifte.
Det er gledeleg å sjå at Dag og Tid endeleg har fått auga opp for Havpanelet i artikkelen «Berekraft i det blå», Dag og Tid 3. september. Ni månader etter at Erna Solberg, som leia utvalet, la det fram, har berekraftig bruk av våre norske havområde fått to sider i avisa.
Sjømat Norge representerer det meste av sjømatnæringa, utanom fiskarane på havet. Allereie hausten 2017 starta vi arbeidet med å sjå på korleis vi kunne ta fatt i FNs berekraftsmål. Våren 2018 valde vi ut åtte av desse som ligg i vår «bibel»: Sjømat 2030.
Her set vi oss klare mål om å vere ein globalt leiande produsent av sunn mat. Vi skal levere sjømat, marine ingrediensar, produksjonskompetanse og teknologi i verdsklasse. Gjennom berekraftig produksjon og innovasjonar skal norsk sjømatnæring vere Noregs viktigaste bidrag til å nå FNs berekraftsmål, med andre ord, vi tek eit blått taktskifte.
Ja, vi har framleis utfordringar, som journalist Todal peikar på. Innan havbruk går det heldigvis rette vegen med tanke på rømming i havbruk. Oversikta som vert oppdatert kvar dag hjå Fiskeridirektoratet, syner at 2194 fisk har rømt så langt i 2021 (veke 36). Utviklinga dei siste ti åra peikar òg rett veg. Tal frå utfisking.no syner også svært låge tal på innblanding av rømt laks i elvene.
Når det gjeld lus, har vi framleis ein del å ta fatt i. Heldigvis ser vi at verktøykassa vert stadig større. Ny spennande innovasjon og hjelpemiddel gjer at arbeidet vert meir vellukka. Fiskeri og havbruknæringa sitt forskingsfond har òg aldri før gjeve så mykje midlar til ulike prosjekt som skal betre arbeidet.
I artikkelen har diverre ikkje journalist Todal fått med seg vårt arbeid på nye berekraftige fôrressursar, når han omtaler vekstpotensialet. Alle norske fôrselskap, saman med Sjømat Norge, har gått saman med Bellona i det vi kallar Råvareløftet. Dette la vi fram siste status på under Arendalsveka. Her akselererer vi arbeidet med å utvikle nye råvarer til fiskefôr.
Regjeringa skal òg ha ros for at ein heng på. Det gjer at veksten på laks kan halde fram. Når ingrediensane ligg i havet utanfor, treng vi i framtida ikkje importere så store mengder fiskefôr. Nyleg gav dei 170 millionar kroner til slikt arbeid i Rogaland. Dette kan vere starten på eit nytt grønt industrieventyr og mange tiltrengde nye arbeidsplassar i Noreg.
Sjømat Norge lovar framleis å vere i tet på berekraft. Skal vi kunne halde fram med å bygge og bu langs kysten, og ikkje minst skape like stor verdiskaping som no, trengst havbruk og fangst av villfisk. Vi har levd av fangst, fiske og havbruk i tusenvis av år. Vi har æveperspektiv i det vi arbeider med.
Øyvind A. Haram er kommunikasjonssjef hos Sjømat Norge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.