Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Den underlege rettferda

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ishavskatedralen i Tromsø.

Ishavskatedralen i Tromsø.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ishavskatedralen i Tromsø.

Ishavskatedralen i Tromsø.

Foto: Terje Pedersen / NTB

1851
20221111
1851
20221111

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

Gudsteneste på NRK TV er tilbake, det er stort og fortener takk. At teksting kjem til, sporar til ekstra ettertanke. Alle er endelaust verdfulle, og i gudstenesta står dette og ordet rettferd sentralt. At opningshelsinga i gudstenester frå Tromsø og Trondheim òg er på samisk, er ei fin understreking av same sak, men det tok lang tid før Kyrkja kom så langt.

Kva med nynorsk? Underleg er, at det i vanlege radiogudstenester over år har vore utruleg få nynorske salmar med, i beste fall «Deg å få skode». Ingen vonde ord om den, tvert om, men er det den eine nynorske salmen prestar og pastorar veit om? Blix med fleire må ha sige i gløymsle bak alle blånar.

Aller underlegast er når det kjem gudsteneste frå ei kyrkje med nynorsk liturgi og tekstlesing, for då kan ein oppleve at der er salmar på både bokmål, svensk og engelsk, ikkje minst det siste, men null nynorske. Preika er helst på bokmål, då slepp presten tidheft.

Ein søndag for ein god del år sidan var det radiogudsteneste frå ei Oslo-kyrkje. Då skjedde det fantastiske i tekstlesinga at orda frå den tids makthavarar var på bokmål, men Jesu tilsvar vart framført på nynorsk. Det sette ting i perspektiv!

Så kvifor ikkje tekstlesing på nynorsk litt oftare, i alle norske kyrkjer?

I norsk styring strevar ein etter å få til representasjon i samsvar med røystetal. Men skulemål og kyrkjemål er noko heilt anna, her skal vinnaren ha alt, og dei som kjem i mindretal, får berre godta at dei ikkje har noko å krevje eller vente, ikkje eingong Fadervår framført på nynorsk i eiga kyrkje noka tid.

Legg ein kyrkjeleg språkpraksis til grunn, er nynorskfolk klart andrerangs borgarar, men på det punktet har dei resignert for lenge sidan og meiner nok liksom andre at det er ufint å kviskre «språkleg rettferd?» når presten har forkynt Herrens rettferd.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis