Havørn og sjøfugl
«Det er nyttig med kontrollerte eksperiment gjennomført over lang tid på mange stader.»
Havørn med fisk over Fløan ved Løfsnes i Flatanger.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Natur
Mange lekfolk seier å ha sett at havørn jagar opp ulike sjøfuglarter frå reira, og at ramn, stormåsar og havørn fråtsar i ungar og egg (leiaren i Dag og Tid 16. august). Fuglespesialistar og havørnkunnige som Alv Ottar Folkestad (Dag og Tid 23. august) grunngjev godt at havørna berre et fisk og åtsel og aldri medverkar til sjøfuglnedgang. Årsaka til bestandsnedgangane til sjøfuglar er alltid mangel på artane dei skulle fôra kjuklingane med.
Samstundes er det underleg at sjøfuglar som hekkar i byar utan havørn, finn mat til sine ungar, medan fuglar i nærliggjande fuglekoloniar med havørn ikkje finn mat til sine.
Naturen er mangslungen, og det er ofte vanskeleg å vita samanhengar, noko som er sant i ein periode ein stad, treng ikkje vera sant same staden i eit anna tidsrom eller ein annan stad. Difor er det nyttig med kontrollerte eksperiment gjennomført over lang tid på mange stader. Ein kunne, basert på fuglekunnskap og lokal tru på at havørna er årsaka, finna fire hekkeområde for raudlista sjøfugl og etter loddtrekking fella alle havørnane (ikkje raudlista) ein klarte i to av dei og hatt dei andre områda som kontrollområde. Etter fem eller ti år kunne ein byta fellings- og kontrollområde.
Dugande fugleforskarar måtte registrera verknaden av tiltaka på havørn- og sjøfuglbestandane. Ved økologisk forsking er det ei stor utfordring å skaffa nok langsiktig finansiering. Ved dette eksperimentet vil det vera ei større utfordring at havørn er eit heilagt totemdyr for ein del fugleinteresserte.
Det vil skjera dei i hjarta om ørner måtte fellast for å visa at dei har rett. Og endå verre ville det vore om dei tok feil. Kanskje mangel på mat til ungane er årsaka nokre stader, auka havørnbestand andre stader?
Torstein Storaas er professor emeritus ved Høgskolen i Innlandet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.