Kva litteraturfolk kan snadre om
Olav. H. Hauge
Å laga lister over det beste og det verste ein veit, er djupt menneskeleg. Umberto Eco har skrive ei bok om å laga lister: The Infinity of Lists er tittelen på den engelske omsetjinga (2009). Det handlar om å samle, katalogisere og rangere. Olav H. Hauge var ram på å laga lister. Dagbøkene hans er gjennomsyrde av «endeløysa til listene». Om han ikkje lagar sine eigne lister, kommenterer han listene til andre, som i mars 1959 i dagboka: «’Nygard er en av de fem–seks lyrikere som betyr noe’, segjer Greiff. Kven dette er, segjer han ikkje, men eg kan tenkja meg at lista ser slik ut: Wergeland, Obstfelder, Bull, Aukrust, Nygard. Kven den sekste (sic) er, torer eg ikkje segja, anten det er Bjørnson, Collett Vogt eller Øverland eller Wildenvey.» «Listemakaren» Hauge viser til, er litteraturhistorikar og omsetjar Trygve Greiff.
Sverre Tusvik åtvarar mot skråsikre domar over lesnaden til Olav H. Hauge og Profil-diktarane. «Kva Olav H. Hauge hadde på sitt guterom då han var på same alder, er det vel no berre forskarane Spaans og Myrvoll som veit?» skriv han – og refererer til illustrasjonane på Einar Øklands soverom: William Blake og Paul Klee. Tusviks argumentasjon er todelt: På den eine sida vil han vise at Økland òg interesserte seg for metafysisk dikting, og på hi sida relativiserer han heile debatten: Vi kan ikkje vita «kva bøker dei (profilistane) likte og ikkje likte». Det handlar om kva vi ikkje kan snadre om.
Vi meiner tvert imot vi kan snadre om listene til Hauge, Profil-diktarane og andre poetar, som Halldis Moren Vesaas. Diktarar og forfattarar set opp lister over favorittar – sjølvsagt ikkje som «veggprydnad», men i form av forfattarval i artiklar, presentasjonar og attdiktingar i blad og bøker. For Hauges del galdt det som sagt i dagboksform. Desse listene er det mogeleg for ein forskar å rekonstruere ved hjelp av hermeneutiske metodar.
Dessverre gav ikkje Hauge lister over dårleg litteratur. Hauge var for høfleg til den slags – og hadde han gjort det, ville dagboka hans kan hende ikkje sett dagsens ljos. Men Profil-krinsen var ikkje redde for å ytre eit litterært hierarki gjennom utdeling av den illgjetne «Votten».
Det er altså fullt mogeleg å rekonstruere favorittane åt dei nemnde forfattarane. Vi meiner listene til Hauge og Vesaas på mange punkt var samanfallande. Der Hauge i krinsen kring Framande dikt frå fire tusen år møtte ein åndeleg fellesskap, der møtte Hauge i Profil-krinsen unge forfattarar han godt kunne snadre om litteratur med, men som hadde eit ikonoklastisk program han ikkje delte. Tusvik skriv at Økland òg las Encounter, men sa det opp «dels fordi det var keisamt, dels fordi det var støtta av CIA».
«Keisamt» er òg ein smaksdom – du kan laga lister over keisame ting. Hauge sa aldri opp Encounter, og han nemner stadig leseopplevingar frå bladet i dagboka. Fekk han ikkje med seg at det var støtta av CIA? Han seier ikkje noko om det i dagboka. Kanskje fekk han det ikkje med seg, eller brydde han seg rett og slett ikkje? Anti-amerikanisme var nok på lista hans, men det hadde ikkje ei høg plassering.
Ronny Spaans er litteraturvitar og journalist i Dag og Tid. Klaus Johan Myrvoll er fyrsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trump meiner alvor med Grønland
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.
Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.
Foto: David Goldman / Ap / NTB
Ein inspirerande arv
Jimmy Carter fekk eit etterliv som menneskerettsaktivist og siviliserande moralpolitikar som ingen annan president i USA.
Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Foto: United International Pictures
Goth nyttår, folkens!
Kor skummelt kan det eigentleg bli når ein ikkje lenger trur på det overnaturlege?