Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kva skil Tvedt, Bye og Støre?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2596
20171229
2596
20171229

SAMFUNN

I si nye bok har Terje Tvedt skildra gjennombrotet for nye tankar kring globalisering, migrasjon og bistand i Noreg. Ei stor forteljing, som Dag og Tid-lesarar har fått utdrag frå.

Jonas Gahr Støre skriv om boka i eit essay, «Terje Tvedts utvalgte verden». Boka held ikkje mål som kritisk forsking, skriv han, men er meir ei forteljing om kva Tvedt meiner om samfunn og makt. Som han skriv: «Eksemplene han velger er selektive, valgt og klippet til for å passe inn i nettopp denne fortellingen».

I spalta «Ordskifte» i Dag og Tid sluttar så bistandsveteranen Vegard Bye seg til dette. Begge reagerer sterkt på eit ord Tvedt nyttar, kanskje for å provosera: «Godhetstyranni». Og begge knyter det til Sylvi Listhaug.

Ordbruken viser at her er ein avgrunn mellom ulike syn i denne saka. Eg trur mykje har skuld i at perspektiva er så ulike. Sett ovanfrå og utanfrå har globalisering og ‘det internasjonale samfunnet’ ein god klang; det kan bidra til konfliktløysing, fred, hjelp til dei fattige og forpliktande samarbeid. Me kan møtast på tvers av landegrenser og kulturar, i harmoni.

Sett nedanfrå og innanfrå ser mange verdiar knytt til det lokale og det nasjonale, og til våre tradisjonar. Dei fryktar endringane som skjer. Stundom slår dette ut i raseri. I begge perspektiva finn me innslag av romantikk. Mest romantisk er vel det topporienterte - eliteperspektivet?

Eg har i nokre år undervist studentar i Tanzania, Etiopia og Uganda. På eit seminar i Malawi møter eg to av dei, Bariiki og Juma, klassekameratar, femten år etter. Bariiki, i svart dress og svarte sko, har gjort ein internasjonal karriere. Juma, i jeans og slitne joggesko, arbeider i heimlandet, i Shinyanga. Bariiki tener 13 gonger så mykje, og får si løn i dollar. Juma får si løn i lokal valuta, lite verdt.

Bariiki får stor applaus for sitt foredrag, med store visjonar. Han fortel om alt det fantastiske som skjer når me plantar tre; ikkje berre får me trevirke, men også frukt og honning. Juma fortel om det han opplever ute i det praktiske arbeidet. Nesten utan applaus. Det er vanskeleg å få til noko når pengane ikkje kjem eller kjem for seint. Korrupsjon?

Eg kjende dei att som studentar: Juma var praktisk dyktig og jordnær. Bariiki hadde store idear og talegåver, han minte meg om Peer Gynt. No hadde han oppnått det så mange unge menn ynskjer seg, det dei kallar «high life». Det internasjonale samfunnet freistar med eventyrlege lønningar. Det er då naturleg å fortelja nett det me, rike frå nord, ynskjer å høyra.

Takk til Terje Tvedt for nye perspektiv!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis