Kvifor appellerer Oskeladd-filmen?
Vebjørn Enger i hovudrolla som Oskeladden.
Foto: Julie Vrabelova / Maipo / Norsk Film Distribusjon
FOLKEEVENTYR
Då Askeladden i Dovregubbens hall hadde premiere i september, vart han slakta av eit samla meldarkorps. Filmen går enno på kino, så svært mange er usamde med meldarane. Kva er det med han som appellerer? Filmen viser vakker natur og er godt filma, men det er ikkje nok. Historia som blir fortald er ganske tynn, og skodespelet er ikkje alltid på høgda – slik meldarane peikar på.
Kva er det då? Etter vårt skjøn ligg svaret i bruken av råstoffet. Så godt som alt vi les eller ser på film i dag, kjem til å vere parentesar eller gløymt om tusen år. Folkeeventyr, derimot, er dei forteljingane som ikkje vart gløymde, men vart fortalde vidare gjennom uminnelege tider, fordi dei appellerte til grunnleggjande trekk i menneskepsyken. Dermed fekk dei ei allmenn form, skapt av heile kollektivet av forteljarar og tilhøyrarar. Dette gjeld folkeeventyr og segner, og den komparative folkeminneforskinga har vist at når ei forteljing fyrst har fått ei slik kollektivt tilslipt form, så kan ho vere forunderleg stabil gjennom lange tider og over store avstandar.
Råstoffet til Askeladden i Dovregubbens hall har altså varig appell. Det er henta frå dei norske versjonane av Oskeladd-eventyra, og til dels frå gresk-romerske mytar (Ariadne og Tesevs i labyrinten) og frå Bibelen, og Ibsens Peer Gynt, som bygger på segner. I tillegg står eventyra om Oskeladden eineståande sterkt i Noreg (dei er gamle i mange land), kanskje fordi forteljingar om underdogen som svingar opp med alle passar kolonifortida vår. Dette spelar filmskaparane på med å la skurken vere ein dansk snobbeprins.
Filmskaparane plukkar fritt frå det nemnde stoffet, med spørsmål som: Kva ansvar har vi for kvarandre og for framande? Kva sjansar har den avmektige? – og moral som: Det løner seg å vere snill mot andre. Skinnet kan bedra. Ta vare på ting, du veit ikkje kva du får bruk for.
Men vel så interessant er kva vriar filmskaparane har gjort på stoffet. «Man vet aldri hva man kan få bruk for» blir i vår tid miljøansvar. Og her er prinsessa feminist. Ho nektar å gifte seg med den utpeika mannen, rømer og blir berga av Oskeladden – og vil berre vere kjærast med han. Ho gjer òg meir aktiv motstand mot trollet enn i eventyra. Oskeladden og samspelet mellom han og brørne er blitt komplisert. Den originale Oskeladden gjennomgår ei varig endring, eller står fram, som snedig, modig og handlekraftig. I filmen er Oskeladden slik berre i møte med det overnaturlege. Elles er han like upraktisk som før, og er klar over det. Han takkar nei til kongeriket, for han ser at han ikkje maktar oppgåva. Dei eineståande evnene hans må då forklarast på anna vis: Medan dei andre ikkje trur på noko overnaturleg (jf. dagens ateisme og skeptisisme), og derfor er inkompetente i møtet med det, så er dette Oskeladdens heimebane. Dette konstaterer Pål tidleg, og i løpet av filmen innser Oskeladden at broren har rett, og får sjølvtillit til å utfordre trollet. Assosiasjonane går til nerden som sit inne og spelar unyttige fantasyspel, og moralen blir at det er situasjonsavhengig kva som er kompetanse. Brørne er mindre usympatiske enn i eventyra; dei mislikar berre at Oskeladden ikkje dreg sin del av lasset heime. Samtidig er det større spenning mellom han og faren. I eventyra blir han berre nedvurdert som unyttig, slik at han blir dårleg utstyrt når han fer heimanfrå. I filmen kjem han i skade for å brenne ned garden, og blir jaga. Gjensidig tilgjeving og den bortkomne sonen blir tema. Og så er det mykje humor og språk som bryt med sjangeren.
Mangt av dette oppfattar filmmeldarane som stilbrot. Ingen av dei bryr seg stort om kva filmen gjer med det gamle stoffet. Vi meiner appellen til filmen dels ligg i det evige råstoffet, for ein stor del er kjent av publikum, dels av brot med det. Dette skaper ei spenning som gjer det kjende stoffet nytt, samtidig som vi ser tematikk frå vår tid i nytt lys.
Forfattarane arbeider ved Høgskulen på Vestlandet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.