Meir om latin i engelsk
SPRÅK
Per Velde har eit innlegg i avisa 15. desember med tittelen «Om latin i engelsk». Dette er ein kommentar til eit tidlegare intervju med underteikna om vår nye bok Litt latin: Romerriket falt for 1500 år siden, men latinen lever! Vi er glade for at boka vekker debatt og interesse frå første stund, og vil gjerne svare.
Romarane sa som kjent Britannia. Kan ein likevel seie England før anglarane kom til øyriket og gav det namnet sitt? Sant nok, det er anakronistisk, men ikkje heilt gale heller, etter vår meining, når ein gir ei stutt framstilling.
Og korleis kunne romarane ha nokon varig språkleg påverknad på engelsk? Urinnbyggarane sitt språk var jo ikkje engelsk, men keltisk, og det var ikkje mykje latin som kom inn i engelsk gjennom keltisk. Det kan vi ikkje seie imot, men ein viss påverknad var der. Til dømes kan vi sjå spor av romerske militærleirar (castra) i stadnamn som Manchester, Leicester og Lancaster, og i namn som Gatwick og Norwich finn vi att det latinske ordet vicus, som tyder landsby. Ord som pound, mile, wine, cook og kitchen lever òg frå den tida.
Mykje meir latin kom inn i engelsk i samband med kristninga av englendarane om lag i år 600. Vi unnar oss å gjengi ein anekdote om folkenamnet deira: Pave Gregor I la merke til nokre lyshåra gutar på ein slavemarknad i Roma, og spurde kva folk dei var av. Svaret var: Angli. Då kommenterte paven at det høvde godt, for andleta deira likna angeli (englar). Det vert sagt at det var denne hendinga som inspirerte han til å sende ein misjonær til England i år 595. Som dei seier på italiensk: Si non è vero, è ben’ trovato – om det ikkje er sant, er det vel oppdikta!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
SPRÅK
Per Velde har eit innlegg i avisa 15. desember med tittelen «Om latin i engelsk». Dette er ein kommentar til eit tidlegare intervju med underteikna om vår nye bok Litt latin: Romerriket falt for 1500 år siden, men latinen lever! Vi er glade for at boka vekker debatt og interesse frå første stund, og vil gjerne svare.
Romarane sa som kjent Britannia. Kan ein likevel seie England før anglarane kom til øyriket og gav det namnet sitt? Sant nok, det er anakronistisk, men ikkje heilt gale heller, etter vår meining, når ein gir ei stutt framstilling.
Og korleis kunne romarane ha nokon varig språkleg påverknad på engelsk? Urinnbyggarane sitt språk var jo ikkje engelsk, men keltisk, og det var ikkje mykje latin som kom inn i engelsk gjennom keltisk. Det kan vi ikkje seie imot, men ein viss påverknad var der. Til dømes kan vi sjå spor av romerske militærleirar (castra) i stadnamn som Manchester, Leicester og Lancaster, og i namn som Gatwick og Norwich finn vi att det latinske ordet vicus, som tyder landsby. Ord som pound, mile, wine, cook og kitchen lever òg frå den tida.
Mykje meir latin kom inn i engelsk i samband med kristninga av englendarane om lag i år 600. Vi unnar oss å gjengi ein anekdote om folkenamnet deira: Pave Gregor I la merke til nokre lyshåra gutar på ein slavemarknad i Roma, og spurde kva folk dei var av. Svaret var: Angli. Då kommenterte paven at det høvde godt, for andleta deira likna angeli (englar). Det vert sagt at det var denne hendinga som inspirerte han til å sende ein misjonær til England i år 595. Som dei seier på italiensk: Si non è vero, è ben’ trovato – om det ikkje er sant, er det vel oppdikta!
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.