Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Namnet Hespriholmen og Tors- mytologien

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2679
20171229
2679
20171229

STADNAMN

Takk for fin artikkel om grønsteinsbrotet på Hespriholmen utanfor Sunnhordland i Dag og Tid 15. desember. Eg har lyst til å føye til nokre ord om namnet Hespriholmen, som Todal ikkje går inn på. Føreleddet er husbrei(e), hesbrei(e), av gammalnorsk húsfreyja, som tydde husfrue, ektekone. Men namnet er knytt til ein snau holme i havet, der husfruer ikkje var særleg ofte. Forklaringa må liggja i to ting fleire har peika på.

Den eine er gamle førestillingar om at lynet som slår ned med eit brak «fremkommer ved, at en sten fra himmelen farer ned mot jorden» og borar seg ned i bakken (Blinkenberg 1909: Tordenvåbenet i kultus og folketro, s. 33) – og at det særleg var steinøksar ein tenkte seg i denne rolla. Jamfør at steinøksar i tradisjonell dialekt kunne kallast torebløyg (-blei, kile), torestein og dynestein (der dyn = dønn, brak), på svensk tor(en)kil, tor(en)vigg, m.m. Denne trua kunne dermed forklare steinøksane folk stundom fann i jorda, som det må ha vore vanskeleg å forstå etter steinalderen, før arkeologien kom med dagens forklaring. Samtidig kan desse førestillingane truleg forklare at hammaren til Tor er eit kastevåpen, endå kaste-hamrar ikkje er kjende frå Norden (Blinkenbeg s. 62). Det er nemleg grunn til å tru at desse førestillingane er eldre enn førestillingane om torshammaren, fordi dei er vidt spreidde og omtala i antikke kjelder. Når dette komplekset ikkje direkte er nemnt i dei norrøne mytologiske tekstane, kan det vera fordi dei er frå Island, der torevêr er uvanleg og steinøksar ikkje finst i jorda.

Det andre momentet i forklaringa er at torebraket i folketradisjonen personifisert kunne omtalast som hokjønn: Tora, husbreia, go(d)mor (Sverige) o.l, på same måte som gubben, gobonden, osb. I dei norrøne kjeldene er det eintydig ein mann, Tor, som står bak torebraket, men hokjønnsforma kan truleg forklarast ut frå korleis ordet ?órdyn utvikla seg etter gammalnordisk tid. Dagens ord torden er (skriftuttale av) den danske forma, medan ordet i dialektane gjerne er tora, som jo er identisk med kvinnenamnet Tora (eventuelt toLa, med tjukk l, som kan oppfattast som hokjønnsform av mannsnamnet Tord, ToL). Då er vegen kort til å tenkje seg ei handfast dame bak torebraket. Lydovergangane som fører til tora (og toLa) er det vanleg å tidfeste til 1400-talet.

Etter alt å døme er namnet Hespriholmen altså yngre enn 14-1500-talet, og viser at folk i distriktet assosierte holmen med steinøksar (kanskje hadde dei funne grovhogne emne der), og at dei forklarte steinøksar som resultat av lynnedslag.

Eldar Heide er fyrsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis