Ulogisk konkurranse?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Marknaden
Siri Helle skriv i ein kommentar i Dag og Tid 12. januar at konkurransesamfunnet blir opplevd ulogisk. Vi i Konkurransetilsynet forstår at konkurransesaker og konkurransepolitikk nokre gonger kan vere vanskelege å forstå.
Konkurranse er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel for at forbrukarar, næringsliv og samfunnet generelt skal få lågast moglege prisar og høgast mogleg grad av innovasjon, utval og kvalitet. I eit velfungerande marknadssystem konkurrerer fleire aktørar seg imellom for å kunne tilby den beste kombinasjonen av pris og kvalitet, men effektane av slik konkurranse avheng òg av bransjespesifikke forhold.
I nokre bransjar er det krevjande å sikre velfungerande konkurranse. Det Konkurransetilsynet kan gjere noko med, er å hindre konsentrerte marknader gjennom fusjonskontroll og å slå ned på konkurransehemmande åtferd som ulovleg samarbeid og misbruk av dominerande stilling. I tillegg kan vi påpeike reguleringar som hemmar konkurranse. I nokre marknader kan det likevel vere politisk bestemt at marknadsmekanismar skal setjast ut av spel av omsyn til andre verdiar enn konkurranse.
Når det gjeld meierimarknaden, har Konkurransetilsynet peikt på at fleire aktørar vil bidra til lågare prisar, godt utval og betre samsvar mellom tilbod og etterspørsel. Tilsynet, som normalt er kritisk til subsidiar, har tatt til orde for framleis konkurransestøtte til meieriutfordrarar. Slik støtte er naudsynt for å sikre at det er noko konkurranse i ein marknad som elles er dominert av den største aktøren og marknadsregulatoren, Tine. Støtta har gjort det mogleg for nye aktørar å kome inn i kjøledisken med nye og spennande produkt. I denne samanhengen inneber bortfallet av konkurransestøtte dårlegare konkurranse.
Flest mogleg aktørar gir best konkurranse også i flymarknaden. I denne marknaden har likevel det konkurransefaglege spørsmålet handla om noko heilt anna enn subsidier, nemleg ei rettsleg vurdering av om det er grunnlag for å gripe inn. I Konkurransetilsynets vurdering av om Norwegian skulle få kjøpe Widerøe, kunne vi berre forby oppkjøpet dersom vi kunne grunngi kvifor oppkjøpet ville hindre konkurranse, slik lovens ordlyd krev. Utan slik grunngiving måtte oppkjøpet godkjennast.
Vi forstår at argumentasjonen knytt til dei to marknadene kan verke ulogisk, men prinsippa tilsynet forfektar, er dei same. Norwegian og SAS er meir utsette for konkurranse frå utlandet enn eit beskytta norsk landbruk, men i begge marknadene ønskjer vi å sjå fleire aktørar, mindre behov for subsidiar og tøffare konkurranse.
Når det gjeld elektriske ferjer, ser vi ein interessant dynamikk mellom tre–fire selskap som konkurrerer intenst. Statens vegvesen har i lang tid sørgd for anbodskrav om klimavennlege ferjer, og det gir kostnadseffektive og klimavennlege ferjer langs kysten.
Vi forstår Helles frustrasjon rundt avgrensingar i levering av brev og ikkje-anbodsutsette sendingar, og kanskje er det noko her som kunne fungere annleis. Samstundes ser vi at konkurranseutsette verksemder blir meir innovative, og i dag har vi fleire aktørar som knivar om å vere best. Realiteten er at postleveringa ser ut til å vere meir effektiv enn før.
Sjølv om det kan vere forklaringar på det som verkar ulogisk, er det viktig å få dei belyst, slik Siri Helle etterlyser i sin kommentar. Korleis marknadsmekanismane fungerer, er avgjerande for prisar og kva som blir tilbode her i landet, og bør vere eit sentralt tema for debatt.
Tina Søreide er konkurransedirektør i Konkurransetilsynet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.